Åsulv Edland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Åsulv Edland (fødd 27. juni 1944 i Vinje) er ein norsk journalist. Han vart tilsett i NRK i 1970, og har arbeidd i opplysningsavdelinga i radioen og kortare periodar på distriktskontora til NRK i Bodø, Trondheim, Kristiansand og Vadsø. Frå 1976 har han vore tilsett i Dagsrevyen i NRK. Der har han arbeidd som reportar, programleiar i Dagsrevyen og vaktsjef i Dagsrvyen. Frå 1994 har han vore redaktør for Nordisk nyhetsutveklsing, ERNN.

Edland har eksamen frå Kristiansand Lærerskole i 1966, og han har teke eksamen i historie grunnfag og norsk mellomfag ved Universitetet i Trondheim. Edland har vore lærar på Bømlo 1966/67 og ved Orkdal gymnas i 1970. Åsulv Edland har gitt ut bøkene Haukelivegen - vegen vestover, Luftslottet og han var redaktør for boka EU og norsk landbruk. Han var også medforfattar i boka Det kommunale hamskiftet. Han var i 11 år leiar for laget Vener av Det norske teatret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!