Åtaket på German Flatts i 1757

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 43°1′34″N 74°59′25″W

Åtaket på German Flatts
Del av den franske og indianske krigen
Dato 12. november 1757
Stad dagens Herkimer i New York
Resultat Fransk og indiansk siger
Partar
 Frankrike  Storbritannia
Kommandantar
François-Marie Picoté de Belestre Johan Jost Petrie
Styrkar
300 troupes de la Marine, kanadiske militssoldatar og indianarar 300 sivile menn, kvinner og born
Tap
5 skadde[1] 40-50 drepne
150 tekne til fange[1]
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Åtaket på German Flatts skjedde den 12. november 1757 under den franske og indianske krigen då eit kompani av franske og indianske soldatar i den britiske provinsen New York gjekk til åtak på ein busetnad. Dei tok mange kvinner og born til fange. Sidan 1788 har landsbyen vorte kalla Herkimer i New York og ikkje German Flatts.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den franske og indianske krigen.

Felttoget i 1757 hadde vore suksessrikt for styresmaktene i Ny-Frankrike. Britane hadde gjort eit mislukka raid mot Louisbourg og franskmennene hadde vunne ved Fort William Henry. Guvernøren i Ny-Frankrike, Marquis de Vaudreuil, hadde forsøkt å overbevise tyske nybyggjarar i Mohawk River-dalen om å støtte franskmennene. Då dei ikkje støtta franskmennene i åtaket på Fort William Henry i august, sendte Vaudreuil ein ekspedisjon til busetnaden German Flatts.

Vaudreuil samla ein styrke på kring 300 mann ved Lachine kommandert av François-Marie Picoté de Belestre. 20. oktober sette kompaniet ut frå Lachine og reiste opp St. Lawrence-elva og langs breidda av Lake Ontario til munningen av Oswego River, der franskmennene vann eit anna slag i 1756. Frå der reiste dei opp elva, kryssa Oneida Carry til Mohawk River og så til German Flatts. Dei nådde busetnaden 11. november.[2]

German Flatts bestod på denne tida av 30 hus og om lag 300 innbyggjarar, med fem forskansa blokkhus. Innbyggjarane hadde fått åtvaring av dei venlege Oneidaene om eit åtak, men dei hadde ikkje gjort førebuingar.

Åtaket[endre | endre wikiteksten]

Den 12. november 1757 rundt kl. 03 sette Belestre i gang eit åtak på German Flatts frå åsane nord for landsbyen. Dei fem blokkhusa vart raskt omringa. Førti menneske vart drepne og alle bygningane vart øydelagde. Meir enn 100 av innbyggjarane, hovudsakleg kvinner og born, vart tekne til fange og ført attende til Montreal. Somme av innbyggjarane flykta over Mohawk til Fort Herkimer der dei var trygge. Kommandanten i fortet sendte ut femti menn, men dei trekte seg attende etter ein kort trefning med styrken til Belestre. Dagen etter forlet Belestre staden med kanoar fylte med fangar og plyndra gods. Han kom attende til Montreal den 20. november.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Nyhendene nådde Schenectady dagen etter åtaket. General George Howe reiste umiddelbart opp elva med eit regiment, men fann ingenting anna enn ruinar.

Dei fleste av fangane vart byta. Dei tyske nybyggjarane vendte gradvis attende og bygde opp at landsbyen. Han vart angripe igjen i 1778 under den amerikanske sjølvstendekrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Benton, s. 52
  2. Kingsford, s. 70