Æresalleen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Æresalleen

Kart
Æresalleen
40°21′43″N 49°49′15″E / 40.361944444444°N 49.820833333333°E / 40.361944444444; 49.820833333333

Æresalleen (aserbajdsjansk Fəxri Xiyaban) er ein offentleg gravplass og minnesmerke i Baku i Aserbajdsjan. Her er kjende aserbajdsjanarar og utlendingar tilknytte Aserbajdsjan, inkludert fleire aserbajdsjanske presidentar, vitskapsfolk, kunstnarar og artistar. I alt er 242 personar gravlagde her.

Aleen vart oppretta etter ordre frå Ministerrådet i Aserbajdsjansk SSR den 27. august 1948.[1] I samband med opprettinga vart gravene til Jalil Mammadguluzade, Abdurrahim bey Hagverdijev, Najaf bey Vazirov, Hasan bey Zardabi, Huseyn Arablinski, Suleyman Sani Akhundov, Ali Nazmi, Jabbar Garjagdioglu, Rustam Mustafajev, Azim Azimzade og Huseyngulu Sarabski flytta til Æresalleen med nye gravsteinar.[2][3]

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]