Çatalcahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Çatalcahalvøya er halvøya til venstre og utgjer store delar av Istanbul.

Çatalcahalvøya er ei halvøy i den europeiske (Aust-Thraki) delen av Tyrkia.

Halvøya grensar til Svartehavet i nord, Marmarahavet i sør og Bosporos i aust. I vest er grensa meir utydeleg, men vanlegvis vert grensa trekt ved grensa til provinsen Istanbul. Med denne grensa er halvøya kring 90 km lang og 40 km brei. Çatalcahalvøya er nesten eit speglbilete av Kocaelihalvøya som ligg på andre sida av Bosporos. Det ligg fleire naturlege og kunstige innsjøar på Çatalcahalvøya som Durusuvatnet, Büyükçekmecevatnet og Küçükçekmecevatnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under regjeringstida til den austromerske keisaren Anastasius I (491-518) vart det bygd ein forsvarsmur frå Evcikstranda i nord og Silivri i sør for å forsvare Konstantinopel frå hunarane og andre fiendar. Den 40 km lange muren var ein av dei lengste festningsvollane i Europa. Men fiendar som avarar (616), bulgararar (813) og petsjenegar (1090) klarte likevel å kringsetje Konstantinopel.[1] Etter 1371 fall det meste av Çatalcahalvøya til osmanske tyrkarar. Heile halvøya vart ein del av Det osmanske riket med erobringa av Konstantinopel i 1453. Sidan den gong har Çatalcahalvøya vore tyrkisk, utanom eit bulgarsk åtak under den første balkankrigen og ein kort okkupasjon frå Hellas mot slutten av det første verdskrigen.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Çatalcahalvøya (i lag med Kocaelihalvøya på andre sida av Bosporos) er den mest industrialiserte regionen av Tyrkia. Om lag to tredje delar av Istanbul, ein av dei mest folkerike byane i verda med 13 millionar innbyggjarar[2] dekkjer Çatalcahalvøya. Folketettleiken på halvøya er større enn 2000 per kvadratkilometer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. An essay on Çatalca
  2. Statistical Institute page