Édouard Detaille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Édouard Detaille

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. oktober 1848
Paris
Død

24. desember 1912, 23. desember 1912 (64 år)
Paris

Yrke kunstmålar
Sjanger historiemåleri
Medlem av Ligue de la patrie française, Royal Academy of Arts, Académie des beaux-arts, Société des Artistes Français
Édouard Detaille på Commons

Jean Baptiste Édouard Detaille (5. oktober 184823. desember 1912) var ein fransk målar. Detaille måla detaljert og nøyaktig akademisk kunst, og er særleg kjend for sine militærmåleri som skildra enkeltsoldatar, slag og militærhistorie.

Édouard Detaille blei lærling av Jean-Louis-Ernest Meissonier i 1865 og debuterte på salongen i Paris i 1867. Han var med i den franske hæren under den fransk-prøyssiske krigen 1870-71, og fekk med dette ein ny motivkrets. Saman med Alphonse de Neuville måla han to panoramabilete med motiv frå krigen.

Etter ein ekspedisjon til Tunisia måla Detaille slag derfrå, og eit opphald i Russland førte til ei rekke slag-skildringar for tsar Aleksander III.

Detaille gav ut kunstbøker, mellom anna L'Armée Française (1885-1889), som skildra uniformer brukte i hæren.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Édouard Detaille
Spire Denne kunstartikkelen som har med militær og Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.