Él av Lucía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Él»
Eurovision Song Contest 1982
Land Spania
Artist(ar) María Isabel Lineros Rodríguez
Alias Lucía
Språk Spansk
Komponist(ar) Francisco Cepero
Låtskrivar(ar) Ignacio Román
Resultat
Finalepoeng 52
Finaleplass 10
Spania i Eurovision Song Contest
«Y sólo tú»
(1981)
«Él» «¿Quién maneja mi barca?»
(1983)

«Él» (spansk for 'han') er ein singel av Lucía. Songen er skriven av Francisco Cepero og Ignacio Román.

Corporación de Radio y Televisión Española valde «Él» internt til å representere Spania i Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia. Songen vart framført på spansk av Lucía, og er skriven av Francisco Cepero og Ignacio Román. Musikken var ein tango som delvis forårsaka ein sensasjon av di tevlinga fann stad i Stobritannia, og mange koplar tango til Argentina, eit land Storbritannia var i krig med på denne tida. I finalen enda Spania på tiandeplass med 52 poeng; ti frå Kypros, åtte frå Israel og Tyrkia, sju frå Vest-Tyskland og Sveits, seks frå Finland, fire frå Belgia og eitt frå Luxembourg og Jugoslavia. Dirigenten var Miguel Angel Verona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]