Émilien Amaury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Émilien Amaury
Fødd 5. mars 1909
Étampes
Død

2. januar 1977
Chantilly

Yrke journalist, fransk motstandskjemper

Émilien Amaury (5. mars 19092. januar 1977) var ein fransk avisutgjevar og redaktør.

Han var fødd i Étampes eit femtitals kilometer sør-sørvest for Paris, og døydde i forêt de Chantilly (Chantilly-skogen) i nærleiken av bustaden sin i Vineuil-Saint-Firmin i kommunen Chantilly i departementet Oise på grunn av eit fall frå hesten han reid på.

Émilien Amaury hadde skipa dagsavisa Le Parisien Libéré (Le Parisien). Etter at han døydde, vart sonen Philippe Amaury leiar av avisa etter ein seks år lang juridisk konflikt med si syster Francine, som fekk hand om dei magasina, Marie-France og Point de Vue - Images du monde, som medieselskapet gav ut. Francine hadde vore farens favoritt til å føre medieselskapet vidare, og hadde vorte tilgodesett i eit omstridt testamente[1].

Både Émilien Amaury og sonen stod i sterke konfliktar med fagforeiningane i føretaket, Émilien Amaury i 1975 og 1977, og Philippe Amaury i 1991. Det kom til valdelege hendingar 11. og 12. juni 1975, og 13 juni 1975 vart heimen til fagforeiningsmannen André Bergeron utsett for eit attentat. Sjefredaktøren i pressebyrået Agence France-Presse (AFP), Bernard Cabanes, vart drepen av ei bombe som var meint for sjefsredaktør Bernard Cabanes i avisa Parisien Libéré, som altså hadde same namn. Då Émilien Amaury døydde, vart det slutt på denne konflikten.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]