Étienne-Louis Arthur Fallot
Utsjånad
| Étienne-Louis Arthur Fallot | |||
| | |||
| Fødd | 29. september 1850 Sète | ||
|---|---|---|---|
| Død | 30. april 1911 Marseille | ||
| Nasjonalitet | Frankrike | ||
| Yrke | lege, professor | ||
| Alma mater | Q95402368 faculté de médecine de Montpellier | ||
Étienne-Louis Arthur Fallot (29. september 1850–30. april 1911) var ein fransk lækjar fødd i Sète.
Etienne Fallot tok til å studere medisin i Montpellier i 1867. I 1888 vart han oppnemnd til professor i hygiene og rettsmedisin i Marseille.
I 1888 gav Etienne Fallot ei presis skildring av dei fire anatomiske karakteristikkane til Fallots tetrade.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- B.G. Firkin & J.A.Whitworth (1987). Dictionary of Medical Eponyms. Parthenon Publishing. ISBN 1-85070-333-7