Île-d'Aix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île-d'Aix
Île-d'Aix sett frå Fort Boyard i sørvest
Île-d'Aix sett frå Fort Boyard i sørvest
Geografi
Stad Biscayabukta
Koordinatar 46°00′46″N 01°10′21″W

Areal 1,2 km²

Administrasjon
Land Frankrike
Departement Charente-Maritime

Demografi
Folketal 186 (199)
Folketettleik 155 /km²
Satellittbilete av Ile d'Aix.

Île-d'Aix er ei lita øy i Biscayabukta i Atlanterhavet, utanfor vestkysten av Frankrike. Det er òg namnet på ein fransk kommune som omfattar øya i departementet Charente-Maritime. Ho har 186 innbyggjarar (1999) og eit areal på om lag 1,2 km². Øya ligg ved munningen til elva Charente mellom Oléron og det franske fastlandet. Øya ligg òg nær Fort Boyard og er ein populær turiststad for dagsturar om sommaren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Aix bak festningsvollane.
Hovudgata i byen.

I romartida var øya sannsynlegvis forbunde til fastlandet ved fjøre sjø. Ho fekk si noverande form rundt år 1500.

I 1067 gav Isembert de Châtelaillon øya i gåve til ordenen Cluny. Eit lite nonnekloster vart oppretta. Dette var avhengig av St. Martin på Île de Ré.

På slutten av 1100-talet kjempa Frankrike og England om øya, og fram til 1286 låg øya på grensa mellom det franske og engelske «Saintonge», danna av elvemunningen til Charente. Under Hundreårskrigen var Aix engelsk i om lag 15 år.

Under Hugenottkrigen på 1500-talet vart øya både katolsk og protestantisk.

I 1665 vart nærliggande Rochefort grunnlagd som ei strategisk hamn for kongedømet, og fleire festningsanlegg vart bygd i området. Vauban bygde fleire festningsverk på øya, som vart ferdiggjort i 1704 av Ferry.

Under Sjuårskrigen (1756–1763) erobra England øya og øydela festningsvollane. Festningsverket vart så gjenreist av fleire franske offiserar, som Pierre Choderlos de Laclos, forfattaren av Les Liaisons dangereuses.

Under Den franske revolusjonen, i 1794, vart øya brukt som fengsel for undertrykking av religiøse motstandarar, der hundrevis av prestar vart plassert i fortøyde fengselsbåtar for å døy.

Napoleon hadde ei vidkjend vitjing på øya i 1808 og gav føringar for styrking av festningsverka. Han gav ordre om å byggje eit hus for øvstkommanderande av festninga (i dag «Musee Napoleon») og Fort Liedot, kalla opp etter ein oberst som omkom under Napoleon sin invasjon av Russland.

I 1815, frå 12. til 15. juli, hadde Napoleon òg sine siste dagar i Frankrike på Île d'Aix, etter at han tapte slaget ved Waterloo. Då han innsåg at planen om å tvinge den britiske marinen til USA ikkje var mogeleg å gjennomføre skreiv han eit brev til den britiske regenten og overgav seg til HMS «Bellerophon», som tok han til Plymouth før han vart send vidare til St. Helena.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Det store Fort Liédot ligg på øya, og det fungerte som eit militært fengsel frå tidleg på 1800-talet til 1960-åra. Den algeriske sjølvstendekjemparen og den framtidige presidenten Ben Bella sat fengsla her frå 1956 til 1962, i lag med andre militante medlemmar av Fronten for nasjonal fridom (FLN), som Khider og Aït Ahmed.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Ein skogsveg på nordsida av øya.

Ein kan kome til øya via ei ferje som går fleire gongar om dagen frå Fouras lika aust for øya, eller frå La Rochelle og Oléron om somaren. Bilar er forbode på øya, så folk flyttar seg til fots eller på sykkel. Hestevogner vert òg nytta til rundturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]