Hopp til innhald

Île de Sein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île de Sein
Fyret Le Guerveur på Île de Sein
Fyret Le Guerveur på Île de Sein
Geografi
StadAtlanterhavet
Koordinatar48°02′N 4°51′W
Areal0,58 km²
Administrasjon
LandFrankrike
DepartementFinistère
Demografi
Folketal239 (2004)
Folketettleik412 /km²

Île de Sein er ei øy i Atlanterhavet ved kysten av Frankrike, utanfor Finistère. Øya ligg 8 km frå pointe du Raz på andre sida av sundet Raz de Sein. På bretonsk er namnet på øya Enez Sun. I lag med småøyane i nærleiken dannar øya kommunen Île-de-Sein, ein del av departementet Finistère i regionen Bretagne.

Øya ligg langs sjøvegen sørover frå Den engelske kanalen, og er kjend for det farlege farvatnet Chaussée de Sein, eit stort område med mange rev som strekkjer seg meir enn 50 km frå aust til vest. Dette krev mange fyr og bøyer. Farvatnet er òg kjend for mange skipsvrak.