Île de l'Est

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île de l'Est
øy
East Island (bakgrunnen) frå kongepingvinkolonien på Île de la Possession med skipet «Marion Dufresne».
Land  Frankrike
Øygruppe Crozetøyane
Del av Crozetøyane
Stad Det sørlege Indiahavet
 - koordinatar 46°25′S 52°12′E / 46.417°S 52.200°E / -46.417; 52.200
Høgaste punkt Mont Marion-Dufresne
 - høgd 1 090 moh.
Lengd 18 km
Areal 130 km²
Folketal Ingen
Kart
Île de l'Est
46°25′48″S 52°12′27″E / 46.43°S 52.2075°E / -46.43; 52.2075
Kart over øya
Kart over øya
Kart over øya
Wikimedia Commons: Île de l'Est

Île de l'Est (Austøya) er ei øy i den subantarktiske øygruppa Crozetøyane. Ho har eit areal på 130 km² og er den nest største øya i gruppa. Ho er ein del av Dei franske sørterritoria.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Øya er den austlegaste av øygruppa, som ligg kring 20 km aust for Île de la Possession. Landskapet består hovudsakleg av bert fjell og er den mest fjelldominerte øya i øygruppa med det høgste punktet på 1090 meter over havet. I tillegg har ho høge klipper langs kysten. Fleire bredalar med bratte dalsider kryssar øya. Det einaste innførte dyret på øya er kanin. Det er ikkje menneskeskapt infrastruktur på øya, men ho vert stundom vitja av forskarar.[1]

Viktig fugleområde[endre | endre wikiteksten]

Øya har status som viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International som ein hekkestad for sjøfuglar. Dei viktigaste fugleartane er kongepingvin, bøylepingvin, gulltoppingvin og nordleg klippehopparpingvin, vandrealbatross, gråhovudalbatross, gråalbatross, sotalbatross og svartbrynalbatross, både nord og sørkjempepetrell, marionkvalfugl og alvekvalfugl, storvingepetrell, silkepetrell, kvithakepetrell, gråpetrell, blåpetrell og kergulenpetrell, oseanstormsvale, gråryggstormsvale og svartbukstormsvale, smalnebbdukkpetrell og kortnebbdukkpetrell, blåaugd skrav, sørhavsjo og kerguelenterne. Det finst òg kerguelenand på øya. Øya har òg den største hekkande bestanden av isterne i øygruppa.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Île de l'Est. Downloaded from http://www.birdlife.org on 2012-01-09.