Île de la Possession

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île de la Possession
øy
Land  Frankrike
Øygruppe Crozetøyane
Del av Crozetøyane
Koordinatar 46°24′S 51°46′E / 46.400°S 51.767°E / -46.400; 51.767
Høgaste punkt Pic du Mascarin
 - høgd 934 moh.
Lengd 18 km
Areal 150 km²
Folketal Berre mannskap på forskingsstasjonen
Kart
Île de la Possession
46°24′27″S 51°45′27″E / 46.4075°S 51.7575°E / -46.4075; 51.7575
Wikimedia Commons: Île de la Possession
Kerguelenender held til på øya

Île de la Possession er ei øy i dei subantarktiske Crozetøyane. Med eit areal på 150 km² er ho den største øya i gruppa og den einaste som er busett. Administrativt er ho ein del av Dei franske sørterritoria. Ho er ein viktig hekkestad for sjøfuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Île de la Possession ligg aust i øygruppa, kring 20 km vest for Île de l'Est (Austøya). Ho har eit kupert, landskap med fjell og djupe bredalar. Kystområda og dalane er dekte av urteplante ein finn i Subantarktis. Øya er busett av mannskapet på forskingsstasjonen Alfred Faure på austenden av øya, med minst 20 menneske til ei kvar tid.[1]

Viktig fugleområde[endre | endre wikiteksten]

Øya har status som viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International som ein hekkestad for minst 26 artar sjøfuglar. Dei største koloniane er av kongepingvin, nordleg klippehopparpingvin, gulltoppingvin, vandrealbatross, sotalbatross og gråalbatross, nordkjempepetrell, marionkvalfugl, kergulenpetrell, silkepetrell og kortnebbdukkpetrell. Andre fuglar som i mindre grad hekkar på øyane er sørkjempepetrell, gråhovudalbatross og kerguelenterne. blåaugd skarv, maskeslirenebb og kerguelenand. Dei mindre fuglane hekkar berre i høgda på grunn av faren for at rotter tek egga deira.[1]

Anna dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Geitene som vart sett ut på øya er i dag utrydda, men rottene er her framleis og truar fuglelivet. Både antarktisk og subantarktisk pelssel, i tillegg til sørleg elefantsel, ynglar på øya. Ein flokk på kring 80 spekkhoggarar held til i farvatnet krin gøya. To planter og 59 artar leddyr er endemiske for øygruppa og finst her på denne øya.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International. (2012). Important Bird Area factsheet: Île de la Possession.