Îles Saint-Marcouf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Îles Saint-Marcouf er to små øyar utanfor kysten av Normandie i Frankrike, som ikkje er folkesett. Dei ligg i regionen Baie de la Seine i Den engelske kanalen, 6,5 km aust for halvøya Cotentin ved Ravenoville og 13 km frå øya Tatihou og hamna ved Saint-Vaast-la-Hougue.

Den største øya, Île du Large, ligg 500 meter aust for den mindre Île de Terre. Dei har eit totalt areal på 1,4 km² og ei maksimal høgd på 10 meter.

Øyane har fått namnet sitt frå St. Marcouf, ein helgen som døydde på Îles Saint-Marcouf 1. mai 588. Det låg eit kloster på øya fram til 1400-talet.

Britisk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

Under den franske revolusjonskrigen vart øya halde i nesten sju år av Royal Navy som ein strategisk transportbase.

I juli 1795 var øya okkupert av sjømenn frå Western Frigate Squadron under Kaptein Sir Sidney Smith på HMS «Diamond». Han ofra to av kanonskipa sine, HMS «Badger» og HMS «Sandfly», for å bruke materialet til å byggje festningsverk på øyane, og sette opp ein mellombels garnison. Fleire forsvarsverk vart bygd av Royal Engineers, og avdelingane Royal Marines og Royal Artillery vart oppretta.

Øya fungerte som ein transportbase for blokkaden av Le Havre. Eit kraftig åtak av franske troppar vart drive tilbake i mai 1798.

Øya vart gjeve tilbake til Frankrike etter Artikkel 3 i Freden i Amiens i 1802, og dei siste britiske styrkane drog bort frå øya i mai 1802.

Etter 1803 bygde franskmennene festningsverk på øya, eit sirkulært tårn med våpenbatteri.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart øya det første området som vart tatt på D-dagen av dei allierte styrkane som kom sjøvegen. 04:30 den 6. juni 1944 gjekk soldatar frå det 4. og 24. US Cavalry i land på øyane for å sikre innfarten til Utah Beach.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Øyane er direkte styrt av den franske regjeringa, og dannar eit verna naturreservat med avgrensa tilgang.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]