Hopp til innhald

Îlots des Apôtres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Îlots des Apôtres
øy
Satellittbilete av Îlots des Apôtres (NASA - Landsat)
Land  Frankrike
Koordinatar 45°58′S 50°27′E / 45.967°S 50.450°E / -45.967; 50.450
Høgaste punkt Mont Pierre
   høgd 289 moh.
Areal 2,011 km²
Folketal Ingen
Kart
Îlots des Apôtres
45°57′34″S 50°25′08″E / 45.95936°S 50.41901°E / -45.95936; 50.41901
Wikimedia Commons: Îlots des Apôtres

Îlots des Apôtres eller Îles des Apôtres (Apostelholmane) er ei gruppe små, aude og klipperike øyar nordvest i Crozetøyane i det sørlege Indiahavet, 10 km nord for Île aux Cochons. Totalt dekkjer dei kring 2 km².

Det er to store øyar (Île Grande - Storøya og Île Petite - Vesleøya), som i lag utgjer 90 % av arealet. Den høgaste toppen er Mont Pierre (289 moh) på Île Grande. I tillegg er det kring 20 skjer med høgder mellom 15 og 122 meter over havet. Øyane er særs bratte. Trass i at dei er små har Île Grande ei høgd på 289 moh og Île Petite på 246 moh.

Natt til 2. juli 1875 forliste «Strathmore», eit tremasta skip som segla mellom Storbritannia og New Zealand i nærleiken av øyane då ho gjekk på eit rev. Av 89 passasjerar ombord, overlevde 44 menneske på Île Grande fram til 21. januar 1876, då dei vart redda av eit anna skip.[1]

Viktig fugleområde

[endre | endre wikiteksten]

Holmane har status som eit viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International som ein hekkestad for sjøfuglar, og minst 25 fugleartar hekkar her. Fuglar på øyane er mellom andre vandrealbatross, gråhovudalbatross, gråalbatross, sotalbatross, svartbrynalbatross og indisk gulnebbalbatross, storvingepetrell, silkepetrell, kvithakepetrell og blåpetrell, marionkvalfugl, nordkjempepetrell, smalnebbdukkpetrell, blåaugd skrav og kerguelenterne.[2]

#Øy eller klippe (norsk)Areal
(ha)
1Rocher Nord (Nordskjeret)6,0
2L’Enclume (Ambolten)1,5
3Grande Île (Storøya)150,0
4Le Clown (Klovnen)0,4
5La Sentinelle perdue (Det tapte kjennemerke)0,2
6Les Jumeaux (Tvillingane)0,5
7Rocher Fendu (Sprekkskjeret)3,0
8Petite Île (Vesleøya)30,0
9Les Sentinelles du Diable (Djevelens kjennemerke)1,0
10La Grande Aiguille (Stornåla)1,0
11La Petite Aiguille (Veslenåla)0,2
12Le Hangar (Hangaren)1,5
13Le Donjon (Borgtårnet)2,5
14(klippe utan namn)< 0,1
15Rocher Sud (Sørskjeret)1,5
16Le Torpilleur (Jageren)0,1
17Le Caillou (Steinen)0,4
18L'Obélisque (Obelisken)0,3
19Rocher Percé (Keisamsskjeret)1,0
Îlots des Apôtres (Apostelholmane)201,1
  1. Ian Church, William Lesquin, John Nunn, Le naufrage du Strathmore ein 1875 in Trois naufrages pour trois îles, Terres australes françaises au XIXème siècle, Éditions de La Dyle (1998), ISBN 90-801124-9-6
  2. BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Îles des Apôtres. Downloaded from http://www.birdlife.org on 2012-01-09.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]