Ólavsøka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ólavsøka 2012 med færøyske politikarar, prestar og eit kor framfor Lagtingshuset.

Ólavsøka (‘olavsvoke’, det same som olsok) er den færøyske feiringa av olsok den 28. og 29. juli, som er nasjonaldagen deira. Á Ólavsøku feirar færøyingane den norske kongen Heilag-Olav, som døydde 29. juli 1030 på Stiklestad).

Ólavsøkan er ei sameining av politikk og kristendom. Færøyingane er det einaste nordiske landet som valde olsok som nasjonal heilagdag både religiøst og politisk. Heilag-Olav var norsk konge, men arbeidde for å få Færøyane inn under den norske krona.

Ólavsøka er den færøyske forma for det latinske vigilia sancti Olavi (vigilia = vøkafærøysk og tyder ‘voke/vake’). Helgenkongen Olav har alltid hatt ein sentral plass i færøysk religiøs og politisk tradisjon og kultur.

På denne dagen vert Lagtinget på Færøyane opna i hovudstaden Tórshavn. Medlemene av Lagtinget, medlemer av Færøyane sitt landsstyre, biskop, alle prestane og dei høgste embetsmennene går i prosesjon frå Lagtingshuset til Tórshavn domkyrkje. Etter ei gudsteneste (St. Olavsmesse) går dei attende til Lagtingshuset der lagmannen held opningstalen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]