Ólymbos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ólymbos
Όλυμπος
Ólymbos Όλυμπος - Ólymbos sett frå Litókhoro
Ólymbos sett frå Litókhoro
Høgd over havet 2 919 moh
Ligg i/på Hellas
Primærfaktor 2 919 m
Koordinatar 40°05′N 22°21′EKoordinatar: 40°05′N 22°21′E

Ólymbos (gresk Όλυμπος), òg kalla Olympen, Olympos og Olympus, er det høgaste fjellet i Hellas med ei høgd på 2 919 moh.

Sidan foten av fjellet ligg ved havnivå er det eitt av fjella i Europa med høgast primærfaktor. Fjellet ligg 100 km frå Thessaloníki, den nest største byen i Hellas.

Mýtikastoppen.

Ólymbos er kjend for sitt svært rike planteliv med fleire endemiske artar. Den høgaste toppen på Ólymbos er Mýtikas på 2 919 meter, som på gresk tyder «nase». Mýtikas er den høgaste toppen i Hellas, og det nest høgaste er Skolio på 2 912 meter. Ein kan gå til toppen frå byen Litókhoro, som tyder Byen til gudane fordi han ligg ved foten av fjellet.

I gresk mytologi[endre | endre wikiteksten]

I gresk mytologi er Ólymbos heimen til dei tolv olympiske gudane, dei største gudane i det greske pantheon. Grekarane såg på det som eit krystallpalass der gudane, som Zevs, budde. Då Gaia fødde titanane nytta dei fjella i Hellas som sine troner sidan dei var så store og Kronos sat på sjøve Ólymbos.

Etymologien og tydinga av namnet Ólymbos er ukjend og det kan ha urindoeuropeisk opphav. Ólymbos er eit mykje brukt namn på fjell. Det finst Ólymbos på Évvia, Ólymbos på Kypros, Mount Olympus i Utah og Mount Olympus i Washington, begge i USA, og mange andre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]