Ödeshög

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°13′00″N 14°39′00″E

Röksteinen, ein runestein ved Rök kyrka i Ödeshög

Ödeshög er ein svensk tettstad og centralort i Ödeshögs kommune i Östergötlands län i landskapet Östergötland. I 2005 hadde staden 2 651 innbyggjarar.

I Ödeshög ligg det ei gamal kyrkje, Ödeshögs kyrka. Staden ligg nær, men ikkje ved, innsjøen Vättern.

Det finst ein del restaurantar omkring torget. Næraste større byar er i nordaust Linköping (66 km) og i sørvest Jönköping (67 km).

Ein sentral person i historia til Ödeshög er Johanna Pettersson (1807–1899), betre kjend som Handelsman Johanna. Kvart år blir det arrangert ein marknad, Johannamarknaden, til ære for henne. Det var òg i Ödeshög den tidlegare landslagsspelaren i fotball, Klas Ingesson, voks opp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]