Örn Clausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Örn Clausen
Statsborgarskap Island
Fødd 8. november 1928
Reykjavík
Død

12. desember 2008
Reykjavík

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948

Örn Clausen (8. november 192812. desember 2008) var ein islandsk friidrettsutøvar, fødd og død i Reykjavik. Han var ein allsidig utøvar som vann sølvmedaljen i tikampen under europameisterskapen 1950.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Clausen deltok under Sommar-OL 1948 i London både på 100 meter og i tikamp. På 100-meteren rauk han ut allereie i forsøket, medan han i tikampen enda på tolvteplass av dei 28 utøvarane som fullførte tevlinga. Med sine 6 444 poeng var han om lag 200 poeng bakom Godtfred Holmvang og 100 bak Per Stavem, dei to nordmennene som vart nummer 10 og 11.

To år seinare vart Clausen andremann i tikampen ved europameisterskapen 1950 i Brussel. Franskmannen Ignace Heinrich tok gullmedaljen med sine 7 364 poeng (6 827 etter dagens tabell), Clausen sanka 7 297 poeng (6 819) og fekk sølv, svensken Kjell Tånnander 7 275 poeng (6 664) og bronsemedalje.

Den 30. og 31. juli 1951 møttest Clausen og Heinrich til dyst i Reykjavik. Clausen presterte sitt livs beste tikamp med di han oppnådde 7 453 poeng (6 932), likevel måtte han sjå seg overgått av Heinrich med 23 poeng. Einast olympiameister Bob Mathias hadde betre poengskår verda det året. Ein skade hindra Clausen i å delta i Sommar-OL 1952 i Helsinki, og han slutta med friidrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]