Österbottens Tidning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Österbottens Tidning
LandFinland
TypeAvis
FormatTabloid
Grunnlagd23. Mai 2008
SpråkSvensk
HovudkvarterJakobstad
ISSN1797-5492, 2243-2051
Nettstadhttp://www.ot.fi/

Österbottens Tidning er ei svenskspråkleg lokalavis for Jakobstads- og Karlebyregionen i Finland. Ho kjem ut sju dagar i veka og har eit opplag på omtrent 15 700 eksemplar.

Nyheitene blir òg publiserte på nettsida til avisa.

Österbottens Tidning vart danna i 2008 ved samanslåinga av Jakobstads Tidning i Jakobstad og Österbottningen i Karleby. Den nye avisa har hovudkontor i Jakobstad. Avisa er eigd av HSS Media Ab, som igjen er eigd av Harry Schaumans Stiftelse.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]