Östra Sönnarslöv

Koordinatar: 55°53′9.2508″N 14°0′55.984″E / 55.885903000°N 14.01555111°E / 55.885903000; 14.01555111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°53′9.2508″N 14°0′55.984″E / 55.885903000°N 14.01555111°E / 55.885903000; 14.01555111

Östra Sönnarslövs kyrka.

Östra Sönnarslöv er ein tettstad i Kristianstads kommun i Skåne län i Sverige. I 2010 hadde tettstaden 294 innbyggjarar.

Östra Sönnarslöv ligg ved foten av Linderödsåsen, og bygda har eit særs variert og kupert terreng. Östra Sönnarslöv er høgst truleg eit særs gamalt busetnadsnamn. Löv-namna er sjeldne i Sverige, og har opphavet sitt i det danske «lev», som tyder etterleivning, eit arvegods frå ein person. «Sönnarslöv» tyder altså at nokon med namnet Sonner eller Sender ein gong fekk området i arv, truleg før kristendomen kom til Skåne.

Området er rikt på fornminne frå bronsealderen og vikingtida.

Herrelaget til fotballklubben Östra Sönnarslövs IF spelar i 7. divisjon (avd. NÖ Skåne).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]