Ötztaleralpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ötztalalpene)
Wildspitze, høgste fjelltoppen i Ötztaleralpane
Weißkugel, sett frå nord
Hintere Schwärze

Ötztaleralpane er ei fjellkjede i sentrale område av Alpane i Austerrike. Ho ligg øvst i Ötztal, ein sidedal til dalen elva Inn renn gjennom, sørvest for Innsbruck. Fjelltoppane i fjellkjeda dannar grensa mellom Austerrike og Italia. I vest grensar fjellkjeda mot Reschenpasset, medan ho i aust grensar til Stubaieralpane med Timmelsjoch i mellom.

Det høgaste punktet i Ötztalalpane er Wildspitze, som òg er det nest høgaste fjellet i Austerrike (etter Großglockner).

I september 1991 vart leivningane etter ein mann, som fekk kallenamnet Ötzi funne nær Hauslabjoch mellom fjelltoppane Fineilspitze and Similaun.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Dei høgste fjelltoppane i Ötztaleralpane:

Wildspitze 3 768 m Schalfkogel 3 537 m
Weißkugel 3 739 m Hochvernagtspitze 3 535 m
Hintere Brochkogel 3 628 m Watzespitze 3 532 m
Hintere Schwärze 3 624 m Mutmalspitze 3 522 m
Similaun 3 599 m Weißseespitze 3 518 m
Vordere Brochkogel 3 565 m Fineilspitze 3 514 m
Ötztaler Urkund 3 556 m Fluchtkogel 3 497 m
Marzellspitze 3 555 m Firmisanschneide 3 491 m
Innere Bärenbartkogel 3 553 m Hochwilde 3 480 m
Ramolkogel 3 549 m Hintere Seelenkogel 3 470 m

46°45′N 10°55′E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]