Övertorneå
Övertorneå (meänkieli og nordsamisk Matarengi, finsk Matarenki) er ein tettstad som ligg i Norrbottens län, og i landskapet Norrbotten i Sverige. Han er administrasjonssenter i Övertorneå kommun og i 2005 hadde tettstaden 1 967 innbyggjarar.
Övertorneå ligg ved elva Torne älv som dannar grensa til Finland. På den andre sida av elva ligg den finske kommunen Övertorneå.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Övertorneå» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2012.