Øyvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øivind)

Øjvind het han, og gråt da han blev født.

Opningslina i En glad gut av Bjørnstjerne Bjørnson (1860)

Øyvind eller Øivind er eit mannsnamn av urnordisk opphav. Nokre har same uttalen av namnet og brukar skrivemåten Eyvind. Ein annan variant av namnet er Eivind.

Namnet kjem av det norrøne namnet Eyvindr, med usikker tyding. Nokre forslag er at ey kjem frå auja («gåve») og wandia: («vendt mot», - for å få eller gje) - eller øy («gåvmild» eller «lykke, hell») og vindr («krigar»). Altså den gåvmilde eller den som får gåver eller heldig krigar. Andre forslag er at ey tyder «øy», «ein som bur på ei øy», og vindr tyder «stridsmann» eller «sigerherre», altså «ein heldig krigar som bur på ei øy». Eller at eit norrønt ei som tyder «alltid» og vind som då tyder «vind, pust, pågangsmot», gjev omsetjinga: «ein som alltid har pust igjen til ny dyst».

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]