Øivind Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øivind Andersen
Fødd12. oktober 1944
NasjonalitetNoreg
Yrkeklassisk filolog, lingvist, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Academia Europaea

Øivind Andersen (fødd 12. oktober 1944) er ein norsk professor i klassiske fag (gresk og latin) ved Universitetet i Oslo.

Han vart cand. philol. i 1973 ved Universitetet i Oslo (med faga filosofi, latin og gresk hovudfag). Han vart så dr. philos. i 1976 ved same stad med avhandlinga Paradeigmata. Beiträge zum Verständnis der Ilias om Iliaden.

I 1978–79 var han førsteamanuensis i antikkens historie ved Historisk institutt ved Universitetet i Oslo. Så var han i perioden 1980–1996 professor i klassiske fag ved Historisk institutt ved Universitetet i Trondheim. Frå 1997 var han professor i klassisk filologi ved Universitetet i Oslo. Han var redaktør for tidsskriftet Symbolae Osloenses i perioden 2005–13.

Andersen er ein kjent formidlar av den antikke arven i den norske ålmenta i tillegg til dei faglege bidraga sine. Han var styrar for Det norske institutt i Athen frå 1989 til 1993.

Boka I retorikkens hage vart gjeven ut første gong i 1995, og er no komme i 5 opplag. Boka er òg omsett til tysk (ISBN 9788200219699).

Han er òg medlem av styret til Abelprisen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]