Øivind Lorentzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øivind Lorentzen
Øivind Lorentzen 1946.jpg
Fødd 14. oktober 1881
Holmestrand kommune
Død

9. mai 1980 (98 år)
Oslo

Yrke forretningsdrivande

Øivind Sven Lorentzen (14. oktober 18819. mai 1980) var ein norsk skipsreiar og skipsfartsdirektør, fødd i Holmestrand og død i Oslo. Han var far til Erling Lorentzen.

Lorentzen var son til ein skipskaptein og -reiar i Holmestrand og Sør-Amerika, og voks dels opp i Argentina og Brasil. Frå 1901 studerte han skipsbygging ved Technische Hochschule i Berlin. Etter fullført studium arbeidde han ei kort tid i USA. Deretter byrja han arbeide i faren sitt reiarlag, eit firma han sidan tok over. Lorentzen var ein pådrivar for dieseldrivne skip i norsk skipsfart, allereie i 1914 sette han Noregs fyrste dieseldrivne skip, MS «Brazil», i drift.

Ved utbrotet av den andre verdskrigen vart Lorentzen utnemnd til skipsfartsdirektør. Etter den tyske invasjonen av Noreg gav norske styresmakter han ansvaret for å etablere Nortraship, ein shippingpool regjeringa hadde vedtekke oppretta 22. april 1940. Den 24. april reiste Lorentzen frå Åndalsnes til Storbritannia, saman med ein del av den norske gullbehaldninga. Til sommaren 1940 leia Lorentzen Nortraship-kontoret i London, der etter reiste han til New York for å leie Nortraship-kontoret der, medan Ingolf Hysing-Olsen styrte London-avdelinga.

Etter verdskrigen heldt Lorentzen fram med utvikle Lorentzen-reiarlaget. Særleg arbeidde reiarlaget seg opp med linjefart og gasstankarar på Sør-Amerika. Saman med Det Norske Veritas og Fredrikstad Mekaniske Verksted fekk Lorentzen i 1961 bygt «Mundogas Brasilia», ein av verdas fyrste gasstankarar for nedkjølt gass (LPG).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]