Økokrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Økokrims logo

Økokrim (Den sentrale eininga for etterforsking og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet) er ein nasjonal politietat oppretta i 1989. Økokrim etterforskar og påtaler økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.

Økokrim held til i C.J. Hambros plass 2, rett ved sida av Tinghuset i Oslo

Økokrim er eit politiorgan med påtalekompetanse. Dette gjer at organet både er underlagt Riksadvokaten og Politidirektoratet.

I tillegg skal Økokrim samarbeide med andre nasjonale og internasjonale styresmakter. Dei skal òg ha ein rådgjevande funksjon for sentrale styresmakter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Økokrim kan førast tilbake til ei gruppe for økonomisk etterforsking oppretta ved Kripos i 1977. I 1978 fekk han namnet Avdeling for økonomisk etterforskning. Avdelinga utvikla spesialkompetanse innan etterforsking av økonomisk kriminalitet og fekk ansvaret for å bistå politidistrikta i økonomiske saker. I 1989 vart så denne avdelinga skilt ut frå Kripos og skipa som eit eige politiorgan med påtalestyresmakt under namnet Økokrim. Første sjef for Økokrim var Lars Oftedal Broch, seinare høgsterettsdomar. Han vart etterfølgd av Anstein Gjengedal, seinare politimeister i Oslo og Einar Høgetveit, nå lagrettssdommer. Dagens sjef er Trond Eirik Schea.

Leiarar for Økokrim[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Oftedal Broch (1989–1996)
  • Anstein Gjengedal (1996-2000)
  • Einar Høgetveit (2000–2008)
  • Trond Eirik Schea (2008–d.d)

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Økokrim er organisert i tverrfaglege einingar sett saman av etterforskarar med politibakgrunn eller økonomisk, datateknisk eller annan relevant fagbakgrunn. Dei fleste einingane er leia av juristar (førstestatsadvokatar).

  • Bedrageriteamet
  • Bistandsteamet
  • Heleri og Kvitvaskingsteamet
  • EFE Teamet (Einingar for Finansiell Etterforsking)
  • Konkursteamet
  • Korrupsjonsteamet
  • Miljøteamet
  • Skatte- og avgiftsteamet
  • Skatte- og konkurranseteamet
  • Utbytteteamet
  • Verdipapirteamet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]