Økologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ecologia.jpg

Økologi er vitskapleg studie av levande organismar, med hovudvekt på samspelet mellom desse og miljøet rundt dei. Omgrepet vart introdusert av den tyske biologen og filosofen Ernst Haeckel (18341919) på midten av 1800-talet og er avleia av dei greske orda oikos (hus, heim, hushald) og logos (ord, lære).

Økologi og biologi har nært slektskap, men det tangerast og mot andre vitskaplege felt, slik som kjemi, fysikk, geologi, geografi og samfunnsvitskap.

I daglegtale brukast ofte økologi med andre eller avleia tydingar enn den reint vitskaplege. Omgrepet økologisk blir gjerne brukt synonymt med naturleg, miljøvenleg, berekraftig.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Økologi
Biologi
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | opphavet til livet | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.