Økologisk suksesjon ved nedhogging av barskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Økologisk suksesjon ved nedhogging av barskog er ein prosess som vanlegvis blir delt inn i fire periodar. I løpet av desse periodane endrar artsmangfaldet seg dramatisk. Etter sjølve nedhogginga skjer det ein økologisk suksesjon, før området etter 80-100 år er barskog igjen. Suksesjonen blir sett i gang av ein utanforståande faktor, nedhogginga.

I naturskog kan ein tilsvarande økologisk prosess inntreffe etter ein skogbrann eller etter kraftige stormfellingar.

Progresjon[endre | endre wikiteksten]

Forklaring Illustrasjon

Hogstflate

Det første steget etter nedhogginga av barskogen er hogstflata. Trea som tidlegare har skugga for sola er no borte, og det gir lys til utvikling av små planter som har sitt leveområde på bakken. I tillegg er det restar etter barskogen, som stubbar, nåler, kvistar og liknande. Etter kvart tar andre næringskrevjande planter over (bringebær og gjeitrams), og tek bort grunnlaget til dei små plantene.

Lauvkratt

Etter 10 til 15 år har lauvkrattet teke over. Døme er bjørk, rogn, osp og selje. Dei næringskrevjande plantene har forsvunne då dei unge lauvtrea startar å vekse opp. Dette er fordi lauvtrea startar å ta opp all næringa når dei veks.

Lauv- og blandingsskog

Lauvskogen tek over meir og meir, og lagar skugge for plantane på bakken. Det gjer at skogen tek over for plantane. Etter kvart utviklar det seg òg barskog, og ein får blandingsskog med både lauvtre og bartre. Dette varer fram til ca. 80 år etter hogginga.

Barskog:

No kjem prosessen tilbake til der den starta. I den tidlegare blandingsskogen fanst det både lauvskog og barskog. I den siste perioden, frå 80-100 år tek barskogen heilt over, og lauvskogen blir borte. Lite lys slepp ned til bakken. Barskogen er då tilbake til startpunktet, og er lik[treng kjelde] som då den blei hogd ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]