Økonomisk kartverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Økonomisk kartverk er ein kartserie i Noreg for planlegging og ressursforvalting i målestokk 1:5000 og 1:20 000. Kartverket består av topografiske tilhøve, administrative grenser, eigedomsgrenser, bygningar og jordbonitet.[1]

Alt i 1805 vart det starta med detaljert oppmåling av arealressursane, men det stoppa opp i 1814. Den planmessige økonomiske kartlegginga av landet kom ikkje i gang igjen før nesten 150 år seinare. Den første utgåva av økonomisk kartverk for heile landet var på plass først i juni 2002.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Økonomisk kartverk» i Caplex.
  2. ««Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping». Miljøvernsdepartementet. 2003.