Øksendalstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto: Peter Fiskerstrand

Øksendalstunnelen er ein tunnelFv62 i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen er 5966 meter lang, og går gjennom Vettafjellet mellom Krokshamn ved Sunndalsøra og Øksendalsøra. Bygginga starta i august 1997, og tunnelen vart opna 28. oktober 2000. Øksendalstunnelen avløyste eit smalt, svingete, bratt og rasfarleg vegparti.

I likskap med mange andre tunnelar i Noreg er Øksendalstunnelen delvis plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen. [1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 62°42′06″N 008°28′13″E