Øksfjorden i Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°14′8.8152″N 22°18′8.0856″E Øksfjorden (samisk Akšovuotna) er ein fjord i Loppa kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 23 km sør- og så austover til Øksfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Øksfjordklubben i vest og Ystnesholmen i aust. Tettstaden Øksfjord ligg på austsida like innanfor munningen. Frå her går det ferje tvers over fjorden til Sirineset på andre sida. Det går òg ferje ut fjorden og vidare til Bergsfjord og Hasvik. Ved Sirineset går òg den vesle fjordarmen Tverrfjorden vestover.

Den ytste halvdelen av Øksfjorden går sørover, men etter å ha passert Arnnes og Bardineset svingar han nitti grader austover. Øksfjordtunnelen går her langs nordsida av fjorden. Inst i fjorden ligg Øksfjordbotn. Riksveg 882 går langs nord- og austsida av fjorden ut til Øksfjord. Vidare ut fjorden går Fv73, medan Fv77 går ut langs vestsida frå Sirineset.