Ølbolle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ølbolle frå Vefsn måla rundt 1860.

Ein ølbolle er eit halvkule- eller skålforma drikkekar av tre. Bollen plar vere svarva i tre med utskoren eller måla dekor. I nokre delar av Noreg har ølbollane gjerne vore rosemåla, i andre delar av landet har det vore vanlegare med marmorering eller annan dekor.

Ølbolle frå Gudbrandsdalen. Bollen er datert 1605 og er truleg eit byarbeid. Han har innskrifta: «Jeg er en skaael well from, thi er Ieg bedre fuld end tom. Ber meg til den rette tønne. Lad gaatt øll ij mig Rinne, anno 1605.» Bollen er no på Norsk Folkemuseum (NF.1953-0222). Diameteren er 40 cm.
Ølbolle frå Vinje i Telemark, måla av Thomas Olsen Blix i 1713. Blix var presteson og henta impulsar frå kyrkjekunst i Hedmark. I 1712-14 hadde han målararbeid i kyrkjer i Telemark, og då måla han også ei rekke ølbollar. Då Norsk Folkemuseum blei grunnlagt i 1894 var denne store ølbollen den første gjenstanden som blei ført inn i museumsprotokollen (NF.1894-0001).
Vestlandet hadde ølbollar ofte ein kraftig fot og høg rett munningsrand slik som denne bollen frå Eid i Sogn og Fjordane laga i 1845. Bollen har innskrifta: «Skaal for Konge! Skaal for Land! Skaal! for Norges Bondestand. 1845 R.» Bollen er i dag på Norsk Folkemuseum (NF.1916-0295). Diameter er 26 cm.
Denne ølbollen frå Rindal i Møre og Romsdal er malt i første halvdel av 1800-talet. Han er eit døme på korleis rennesansemotiv heldt seg svært lenge på bollemålinga i Sør-Trøndelag og i dei tilstøytande bygdene på Nord-Møre. Bollen er no på Norsk Folkemuseum (NF.1927-1091). Diameter er 22 cm.

På musea finst ølbollar som er fire hundre år gamle eller meir. Ølbollen var i alminneleg bruk i Noreg til mot slutten av 1800-talet. Ølbollar finst i mange storleikar, eit par liter er eit alminneleg mål, men det har funnest ølbollar med et tverrmål opp mot meteren. Til dei største ølbollane høyrde skaftauser til å ause ølet opp i mindre bollar. Alminnelege ølbollar vart fylte med øl og gjerne sende rundt bordet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste ølbollar er svarva, dreia eller skore av eitt stykke tre, men det finst også seinare typar i keramikk. Nokre bollar var laga av kåter (kuleforma utvekst eller knute på tre) og kunne få ei form som var tilpassa korleis emnet var forma. Trebollar har vore brukt både til matlaging, til å eta graut og suppe frå og til ulike typar drikke. Det kan i nokre høve vera vanskeleg å skilja ølbollar frå andre bollar og skåler. Ølbollane har gjerne måla og/eller skoren dekor, og dei har ofte inskripsjonar med namn, eigarinitialar og årstal rundt kanten.

Små bollar meinte for ein person er gjerne kalla einskilsbolle eller einskilskopp. Bollar med to flate hankar blei gjerne kalla vangar, vengeskål eller vengebolle, medan dei med fire blei kalla snippebolle eller snippeskål. Bollar med hol i midten blei kalla varaskål, åbryskål eller nopebolle. Nokre av bollane hadde fleire kar, som tvilling- og trillingbollar.

Det er funne bollar og skåler av tre i fleire arkeologiske utgravinger i Noreg. Ein bolle av bjørk frå HøstadfunnetByneset i Sør-Trøndelag er datert til ca. 800 f.Kr. Bollen er ikkje dreia, men skoren i bjørk. Han har stett og ein skoren meanderbord rundt kanten. Bollen har ei form som er svært lik nyare ølbollar, og kan vera eit teikn på at bollar blei brukt til rituelle drikkeseremonier allereie i bronsealderen.[1] Eit jernalderfunn i Gloppen i Nordfjord har også klare trekk som ein finn igjen på nyare ølbollar.[2] I norrøn tid og mellomalderen var det vanleg med bollar og skåler av tre, og gjennom sogelitteratur og biletstoff frå mellomalderen ser ein at folk drakk av dei. I tida etter reformasjonen var bollar av tre truleg dei vanlegaste drikkekara både i by- og bygdemiljø i Noreg.

Dekor[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste, måla bollene fra 1500- og byrjinga av 1600-talet, er prega bladverk i mellomalder- og renessansestil. Det er mogleg at dei har førebilete i importerte måla trekar, men alle dei bevarte bollane med denne målinga ser ut til å ha vore laga i Noreg, og er truleg byarbeid. I byane og i overklassemiljøa blei drikkekar av tre avløyst av kar i glas, metall og keramikk. Utover på bygdene blomstra rosemålinga opp på 1700-talet. Måla ølbollar blei svært populære, og det blei utvikla ei rekkje variasjonar og lokale særpreg i dekoren. Bruken av ølbollar heldt seg utover på 1800-talet, og i nokre bygder kunne ein bruka ølbolle ved bryllaup opp mot midten av 1900-talet.

Innskrifter[endre | endre wikiteksten]

Rundt kanten av ølbollane måla dei gjerne namnet åt eigaren eller eit lite rim. Det kunne vere eit ønske om lykke, ei moralsk oppmoding eller eit lystig rim.

En Rose skjønn på bunden staar
Gud gifve os it fruktbart Aar.
Den som lite kan avle og gjerne vil drikke
Stor rigdom i verden bekommer han ikke.
Nu tage vi den Skaala fat, Goe Taar min hjertans Ola
Saa dricker vi den hele nat, indtil ho rind’ op Sola

Bruk av ølbollar i gammal tid[endre | endre wikiteksten]

Det blei drukke av dei mindre bollane, og dei kunne sendast rundt, slik at fleire drakk av same bollen. Ølbollar som romma rundt fem liter eller meir stod på bordet, og så auste ein ølet opp med små bollar, auser eller andre kar når ein skulle drikka.

I Nordlands Trompet, skriven på slutten av 1600-talet, skildrar Petter Dass bruk av ølbollar i bryllaup:

Vi hilsed' i Huset og bøed en goed Dag,
Men Giesterne bad os velkommen i Lag,
Der skienktes i stoere Træe-Bolder.
---
Om Morgenen tilig, der Dagen frembrød,
Fremkom den Kiøg-Mester og Giesterne bøed
Hin Klinede Lefser og Gomme,
Kam-Kager og allehaand' krusede Brød
Og stoere Træe-Skaaler med Hamborger Miød,--

sanitetslaga systematiserte arbeidet sitt mot spreiing av tuberkulosesmitte, vart det slutt på at ølbollane gjekk frå munn til munn når folk var samla til lag.

Bruk av ølbollar i dag[endre | endre wikiteksten]

Det finst nok enno folk som likar drikke øl av ein bolle, men å sende bollen rundt i eit lystig lag vil mange meine er ureinsleg og smittefarleg. Dreiing og måling av ølbollar er enno ein del av norsk husflid. Då Rolling Stones hadde konsert i Bergen hausten 2006, fekk dei kvar sin ølbolle, måla av Knut Buen, i gåve frå plateselskapet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guhnfeldt s. 20, ill.
  2. Gjærder s. 126, ill.
  • Delar av denne artikkelen bygger på «Ølbolle» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2017.
  • Christie, Sigrid (1982): Blix, Thomas Olsen, kontrafeier, lakkerer og bilthugger (Norsk kunstnerleksikon bd. 1 s. 260-262). Oslo
  • Gjærder, Per (1975): Norske drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø. ISBN 82-00-02229-3
  • Guhnfeldt, Cato (2011): Nordmenn har skålt i 2900 år (Aftenposten. Søndag 3. april 2011, s. 20-21). Oslo
  • «Drikkekar», artikkel i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bd. 3. 1958. Oslo
  • Midttun, Gisle (1921): Drikkekar fra landet i 16- og 1700årene i: Schous Bryggeri. Mindeskrift til Hundreaarsjubilæet. Kristiania
  • Sørli, Torbjørn G. (1979): Ølbolleinnskrifter. Presentasjon av et materiale (Årsskrift 1978 Trøndelag Folkemuseum, s. 29-49). Trondheim
  • Pollan, Sonja (1968): Alkoholvanenes forankring i kulturmønstret. en studie av høgtids-skikker i en gammel bygd (By og Bygd XX, Norsk Folkemuseums årbok 1967, s.11-60). Oslo
  • Støren, E. (1923): Om Øl og Ølbollerim (Historielaget for Orkdølafylket, Årsskrift 1923, s. 1-29). Svorkmo
  • Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]