Ølen Betong Gruppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ølen Betong med hovudkontor i Ølensvåg, ved tettstaden Ølen i Vindafjord kommune, fem mils veg aust for Haugesund, er ein av dei største produsentane i Noreg av ferdigbetong, betongvarer og betongelement. Både heileigde og deleigde dotterselskap inngår i denne gruppa av verksemder. Ferdigbetong som stettar høge krav til kvalitet og eigenskapar har vorte eit satsingsområde for Ølen Betong. Ei teknologigruppe er etablert med dei fremste teknologar og betongfagfolka innan konsernet. Gjennom mange år har desse stått for forskingsprosjekt som har vidareutvikla og spesialtilpassa betong til ei rekkje nye bruksområde. Lettbetong til brukonstruksjonar, branntrygg og brannhemmande betong til bruk i tunnelar, betong til bruk under krevjande tilhøve i nordområda og i Nordsjøen, er mellom utviklingsprosjekta. Produksjon av betongtilslag laga av knust fjell vart starta som eit bedriftsinternt forskningsprosjekt, og har resultert i etablering av verksemda NOR Aggregates AS.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Ølen Betong AS vart etablert i 1974. Seinare er det skipa fleire selskap i gruppa, som òg har kjøpt opp andre verksemder. I 2015 hadde gruppa ein omsetnad på ca 1,5 milliardar kroner, i hovudsak innan betong og transport. I 2016 sysselset gruppa ca. 450 personer fordelt på selskapa: Ølen Betong AS, Ølen Betong Transport AS, Ribe Betong AS, Ribes Betongpumping AS, Sandnes Betong AS, Kirkenes Betong AS, Ølen Betong Murmansk AS (som har dotterselskap med fabrikk i Russland), Haugaland Containerservice AS, FixProfil AS, NOR Aggregates AS, og Åseral Grus og Betong AS. Saman disponerer desse bedriftene 180-200 tunge køyrety, 25 betongblandeverk for leveransar av ferdigbetong til prosjekt i heile Noreg og i Barentsregionen, 3 elementfabrikkar og fabrikk for ig-røyrsystem (VA), mur og markbetong. Utover dei etablerte fabrikkane i Finnmark og Murmansk-regionen, og fleire mobile ferdigbetongfabrikkar, finst nå eit stort tal stasjonære produksjonsanlegg i sør og vest, frå Bergen til Lillesand.

Ølen Betong, som har hatt store leveransar til utbygging av on- og offshore anlegg og konstruksjonar innan gass- og oljeindustrien, har også utvikla seg til ein større leverandør av produkt til bygging og sikring ved dei store samferdselsutbyggingane i Noreg. Dette gjeld mellom anna spesialelement til trygging av tunnelar for veg og jarnbane mot brann, vatn og frost. Fram til 2015 er det levert 1,3 millionar kvadratmeter av denne løysinga til meir enn 100 av tunnelane i landet. Dette har vore mogleg av di kaiar ved fabrikkane har gjeve høve til større leveransar av betongelement sjøvegen. Verksemda har òg utvikla spesialhengjarar for å kunne transportera dei store betongelementa inn i nysprengde tunnelar, der entreprenørar står for monteringa av elementa.

Eit anna område Ølen Betong Gruppen har spesialisert seg på er flyttbare fabrikkar for å lage ferdigbetong. Desse gjer det mogeleg å etablera produksjon direkte på byggjeplassen ved dei store utbyggingane innan både samferdsel og olje-/gassindustrien. Kårstø, Snøhvit, Ekofisk og Troll er sentrale prosjekt verksemda har hatt betongleveransane til.

Dotterbedrifta som vart etablert i 2007 i Murmansk i Russland har utvikla seg til å bli ein av de større leverandørane av ferdigbetong og pelehodefundament i Russland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]