Ønskekvist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mann med ønskekvist. Illustrasjon frå 1700-talet.
Mann med ønskekvist i 2004.

Ønskekvist (òg kalla søkjevinkel) er ein reiskap brukt til å spå eller finna noko, som grunnvatn, edelsteinar eller malm, på magisk vis. Ønskekvisten er best som ein Y-forma trekvist, men metalltråd, metallstenger og pendlar kan òg brukast. Bruken og verknaden av ønskekvisten som hjelpemiddel er omdiskutert, og nytten er ikkje bevist vitskapleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til ønskekvisten og liknande lekamar går heilt tilbake til Hellas i antikken. Bruken av ønskekvist har variert i tid og rom og har dekt ulike område: å avdekke viljen og planane til gudane, å spå framtida, å peike ut den skuldige i ei rettssak og så bortetter.

1400-talet leita tyske gruvearbeidarar i Harz-området med ønskekvist etter malm. Mange av desse tyske gruvearbeidarane fann seinare arbeid i England, og importerte dermed ønskekvisten. Engelskmennene overtok han, men introduserte etter kvart ein ny måte å bruke han på ved å finne vatn i staden for malm. I dag vert ønskekvisten mest knytt til å leite etter vatn, samt såkalla jordstrålar.

Utforming og bruk[endre | endre wikiteksten]

Det er ingen konsensus hos brukarane om korleis ein skal laga eller bruka ein ønskekvist. Typisk skulle han skjerast av eit særskild treslag til ei særskild tid, som julaftan eller sankthansaftan. Deretter kunne ein vigsla kvisten til eitt særskilt føremål, som å finna gull, sølv eller vatn. Ein ønskekvist kan vere laga av kopar, kunststoff, eller bestemte tresortar (i Noreg mest hassel eller pil). I India veit ein om vassøkarar som gjer jobben med berre handa, og utan ønskekvist.

Det er hovudsakleg to typar: L-forma og Y-forma ønskekvistar.

L-forma ønskekvistar (søkevinklar)
Y-forma ønskekvist (tre)
Y-forma ønskekvist (metalltråd)
  • Dei L-forma består av to separate tynne metallstavar (sjå figur). Ein held dei i dei korte endane, éin i kvar hand, med ein avstand mellom hendene på om lag 30–40 cm. Dei må haldast slik at dei lange endane peiker (nesten) horisontalt og framover, og dei skal haldast slik at dei lett kan dreie rundt i handa. Når så kvistgjengaren går i terrenget med stavane peikande framover kan han stabilisere retninga noko ved å la dei lange endane peike ein tanke nedover. Medan han går skal han halde blikket festa på endane av dei lange stavane. Når så desse brått dreier slik at dei kryssar kvarandre eller peiker bort frå kvarandre, er ein på staden som ein leitte etter (til dømes vatn).
  • Y-forma ønskekvist: består av berre éin del.

Figurane viser ein ønskekvist av tre, og ein laga av ein jerntråd. Kvistgjengaren skal halde denne typen ønskekvist med begge hender, slik at den øvste spissen eller løkka peiker horisontalt framover. Hendene skal gripe om kvar sin ende, med tommelen peikande ut mot sida, slik at ønskekvisten bøyer inn mot kroppen. Dermed oppstår det ein spenning i gjenstanden som gjer at retninga spissen/krøllen peikar i, er labil. Medan kvistgjengaren går, peiker spissen/krøllen brått nedover (eller oppover) – då er han ved staden han leitte etter.

Visse ønskekvister er utforma slik at ein kan feste noko til dei, til dømes eit stykke gull. Då er det eit symbol på kva ein leiter etter – og ønskekvisten «stadfester» at han har forstått signalet. Det finst òg andre variantar, til dømes at kvistgjengaren først leiter etter staden, og i neste omgang (ved å ta seg ein tur over staden igjen) ønskjer å vite djupna (til dømes i desimeter) der vatnet (eller noko anna) finst. Om ønskekvisten til dømes bøyer spissen ned åtte gongar etter kvarandre, tyder dette 8 dm.

Syn på ønskekvistbruk[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til De re metallica av Agricola.

Georg Bauer, betre kjend som Agricola, gav i 1556 ut verket sitt De re metallica etter 25 års forsking på bergverksdrift i Joachimsthal. Han trudde ikkje på bruken av ønskekvitar, og skriv at ein klok bergmann forstår «at ein gaffelgreina kjepp ikkje er til noko nytta for han». Agricola tilføyer likevel at ønskekvist av hassel er best eigna for å finne sølv, ask for å finne kopar, furu for å finne bly og tinn, og ønskekvistar av jern og stål for å finne gull.[1]

I mellomalderen vart ønskekvisten knytt til djevelen, sjølv om mange prestar brukte han. I 1659 vart bruken av ønskekvist sett på som satanisk av jesuitten Gaspar Schott. I 1701 forkasta inkvisisjonen ønskekvisten i rettssaker. Mot slutten av 1700-talet, i opplysingstida, vart ønskekvisten sett på som eit heilt vanleg instrument, og ikkje lenger som assosiert med djevelen.

Verknaden av ønskekvisten er ikkje vitskapleg bevist. Skeptikarar meiner det ikkje kan vere ei utvendig fysisk kraft som vert utøvd på ønskekvisten, men at rørslene i ønskekvisten kjem av forventningsmønstret hos personen. Dei viser til vitskapleg kontrollerte testar og studiar rundt ønskekvisten som alle saman er negative. Rolf Manne ved universitetet i Bergen har utført ein slik kontrollert test som gav negativt resultat.[2]

Den vanlegaste vitskaplege forklaringa av ønskekvisten er den såkalla ideomotoriske effekten. Ideomotoriske rørsler er umedvitne muskelrørsler som får ønskekvisten i rørsle. Andre ideomotoriske rørsler er til dømes umedvitne rørsler i ansiktsmusklane.

Alle søkevinklar har eitt fellestrekk: det er ustabile konstruksjonar, som rører seg ved den minste endring i hendene på kvistgjengaren. Både for L-forma som for Y-forma ønskekvister oppstår synlege rørsler ved minimale og umedvitne rørsler av underarmene. For kvistgjengaren verkar det som at ønskekvisten rører seg av ei ekstern kraft, men det er han sjølv som umedviten er årsak til rørsla. I visse tilfelle legg han nok òg umedviten merke til detaljar som kan hjelpe han til å forstå kor det søkte objektet finst.

Eksperiment har vist at rørslene til ønskekvisten er heilt avhengig av forventninga til personen — når han trur at det søkte objektet er der, vil ønskekvisten slå ut. Om det då i røynda finst noko, har ingenting å seie. Vel er det slik at ønskekvistbrukarar truleg er meir følsame menneske enn andre for små, nesten usynlege detaljar i omgjevnadene eller kroppsspråket til personane som er til stades, noko som er med på å forklare tilsynelatande hell. Desse tilfella er berre tilsynelatande suksessfulle, fordi ein kunne like gjerne klart dette utan å nytte ønskekvisten. Kvistgjengarane er truleg meir observante på omgjevnadene sine enn andre. Det er også ganske sannsynleg at ein vil finne vatn i jorda, ettersom det finst vatn under 80 til 90 % av jordoverflata. Det å peike på stader der ikkje finst vatn ville vore ein større prestasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tom Segalstad: Leting etter mineralressurser, P2-akademiet bind 1
  2. Vitskapleg test av ønskekvist, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 12. februar 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]