Ørjaveita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørjaveita
veg
Land  Noreg
Kart
Ørjaveita
63°26′02″N 10°23′47″E / 63.4339°N 10.3965°E / 63.4339; 10.3965
Wikimedia Commons: Ørjaveita

Ørjaveita er ei veit som går frå Jomfrugata til Nordre gate i Trondheim. Denne veita vart kalla for Sandstredet i mellomalderen og fram til 1750-talet. Ho fekk seinare namnet Ørjaveita etter ein Ørje eller Ørjar som budde i gard nummer 1.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Veita må ha vore der alt i Trondheim si eldste tid som ein sti eller veg langs fjorden frå Nidelva eller Brattøra og utover mot Skansen. Heile denne vegen finst framleis i eit samanhengande system av veiter. Den delen av vegen som var vest for noverande Nordre Gate, heitte Sandstredet, og her var også Ørjaveita. Strekninga vart delt opp i fleire delar av Johan Caspar de Cicignon sine breie sør- og nord-gåande gater etter byplanen hans for Trondheim. Dei ulike delane av vegen vart no delt opp og fekk ulike namn.

Namn[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen og fram til 1750-talet vart veita kalla for Sandstredet. Seinare fekk veita namnet Ørjaveita. Namnet sitt opphav er ein som heitte Ørje eller Ørjar og som budde i gard nummer 1. I 1660 vart garden kalla Ørjegården sidan mannen som budde der heitte Anders Ørjesen. Deretter tok bror hans, Ole Ørjesen, over etter han. Etter at Ole var død, tok sonen Ørjan Olsen over. Vi ser at namnet Ørje går att, og dette er truleg opphavet til namnet på denne veita. Heilt til kring 1750 vart veita framleis kalla Sandstredet, men etter dette vart namnet Ørjaveita tatt i bruk. Likevel vart veita i ein periode kalla Ebbe Skredders veit, etter Ebbe Christensen Walsø frå Åfjord, og på slutten av 1700-talet vart også Byrgerveiten nytta som eit alternativt namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Paasche, Erling (1983): Historisk guide, Veitene – Middelalderens gatenett i Trondheim. Trondheim Kommune.
  • Christiansen, Per (2004): I veita. Tapir Akademiske Forlag, Trondheim.