Hopp til innhald

Ørkenkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørkenkolibri
Ørkenkolibrihann
Ørkenkolibrihann
Ørkenkolibrihoe
Ørkenkolibrihoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigGeografisk utbreiing
██ Hekkeområde██ Hekking og overvintring██ Overvintringsområde
Geografisk utbreiing ██ Hekkeområde██ Hekking og overvintring██ Overvintringsområde
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini
Slekt: Calypte
Art: Ørkenkolibri C. costae
Vitskapleg namn
Calypte costae

Ørkenkolibri (Calypte costae) er ein liten fugl i kolibrifamilien Trochilidae. Han hekkar i tørre og halvtørre område samt middelhavsklima i sørvestlegaste USA og nordvestlege Mexico, hovudsakleg i Sør-California og på Californiahalvøya. Han finst både ved stillehavskysten, der han ofte vitjar hagar og fuglematarar, og i meir rurale område som barskog, eikeskog, krattlandskap og høgare ørkenområde. Om vinteren held han seg oftast i vestlege Mexico.[1]

Ørkenkolibrien er liten, berre 8–9 cm lang, med eit vengespenn på 11 cm og ei vekt på rundt 3 gram hos hannar og 3,2 gram hos hoer. Hannane har grøn rygg og sider, svart venger og hale, og kvite flekkar under halsen og halen. Eit særtrekk er den intense fiolette hetta og strupeflekken, der fjørene stikk ut og bakover. Hoene har ei meir nøytral farge, med grågrøn overside og kvit underside.[1]

Ørkenkolibrien er vanleg i tørre krattområde og hagar i Sørvest-USA og på Californiahalvøya i Mexico.[1]

Hannane gjennomfører ei energisk kurtisevising med stup og bogesvev, der dei utnyttar sollyset til å vise fram den fiolette strupepynten for hoene. Under sveva lagar dei ein høgfrekvent vibrerande lyd med halefjørene. Frå ein sitjeplass kan dei òg syngje ein høg, skurrande song.[1]

Hoer byggjer små skålforma reir av plantefiber, dun og tidvis spindelvev, halde saman med lav. Reiret plasserast ofte på ein yucca-stilk eller ei grein. Dei legg to kvite egg, som hoa rugar i 15–18 dagar. Ungane forlèt reiret etter 20–23 dagar.[1]

Ørkenkolibrien et hovudsakleg nektar frå blomar og små insekt. Han kan stå stille i lufta medan han et, slik som andre kolibriar.

For å overleve kalde netter kan han senke metabolismen kraftig og gå inn i ein dvaleliknande tilstand, kalla torpor, ein nattleg hypotermi, der hjartefrekvens og pust vert sterkt redusert.

Referansar
  1. 1 2 3 4 5 «Costa's hummingbird». All About Birds, Cornell University. 2023. Henta 27. februar 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ørkenkolibri