Ørkenspreiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daude kjempepoppeltre i ørkenen i Kina.
Oversyn over kva område i verda som er truga av ørkenspreiing, utarbeidd av USDA i 1998.

Forørkning eller ørkenspreiing er ei forringing av jorda i tørre eller halvtørre strøk som fører til danning eller utviding av ørken. Prosessen kan skuldast ulike typar menneskeleg aktivitet, overbeiting eller klimaendringar, og fører til at planteliv forsvinn og jorda held mindre fukt.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Vanlege grunnar til ørkenspreiing, som høvesvis kan verka saman eller vera følgjer av kvarandre, er overfolking av menneske, husdyr eller andre dyr, fjerning av plantar (til dømes avskoging), overtapping av grunnvatn, overdyrking av jorda, erosjon og auka saltinnhald i jorda. Samstundes kan varmare og tørrare klima, menneskeskapt eller naturleg, og vind som gjev sandflukt gjennom sandstormar og vandrande sanddyner, verka inn.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Ved forørkning vil livsgrunnlaget til ei rekkje organismar forsvinna, og ein får mindre biologisk mangfald. Menneske kan oppleva fattigdom og svolt, og blir ofte miljøflyktningar.

Sandgjerde mot sandflukt nord i Sahara, i Tunisia.
Jojobatre planta i randen av den indiske Tharørkenen kan motverka ørkenspreiing.

Tiltak[endre | endre wikiteksten]

Ein har prøvd å kjempa mot ørkenspreiing på fleire måtar. Ofte prøver ein å stoppa symptom på ørkenspreiing, til dømes ved å stoppa sandflukt med gjerde, utan å gjera noko med underliggande årsaker, som skadeleg jordbruk, uforsvarleg hogst og dyrehald.

Ein kan prøva a binda jord, fukt og frø gjennom å spreia eit stoff som petroleum over utsette område, eller gjennom nyplanting av tre eller andre plantar. Ein kan også prøva å gjera jorda meir næringsrik gjennom å tilføra biokol. Nyttevekstar som belgfrukter kan binda nitrogen frå lufta og gjera jorda meir fruktbar. Vekstar som i tillegg til å verna jorda også kan nyttast av menneske, som gummi arabikum laga av sevja i akasietre, kan gje alternativ til øydeleggjande levesett. Bruk av solomnar i staden for bål ein må hogga ved til, kan også vera ein måte å minska menneskeskapt forørkning på. Slike tiltak er som regel dyre, og ørkenspreiing er særleg knytt til fattige område der ein ikkje kan utføra mange av dei.

Merksemd[endre | endre wikiteksten]

I 1996 tok SN sin konvensjon for kjemping mot ørkenspreiing til å verka. Organisasjonen erklærte 2006 som internasjonalt år for ørkenområde og forørkning for å setja fokus på konvensjonen.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]