Ørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvithovudhavørn i flukt.

Ørn er eit samleomgrep brukt om fleire store rovfuglar frå haukefamilien. Det kan visa til ei biologisk slekt, Aquila, men alle fuglar kalla «ørn» høyrer til ikkje denne slekta. Ørner er ikkje nødvendigvis nærare i slekt med kvarandre enn med andre haukefuglar.

Ein finn ulike ørner hovudsakleg i Eurasia, men det finst òg nokre typar i Afrika, Amerika og Australia. Kongeørn og havørn er utbreidde i Noreg, medan fiskeørn, bandhavørn, slangeørn, storskrikørn og steppeørn er påviste.[1]

Ørn har ei viktig symbolsk tyding, og er blitt rekna som «konge av fuglane».[2]

Kongeørn.
Kongeørn som jaktfugl.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ørner er kjenneteikna av eit stort, krumma nebb og kraftige venger, ofte også fjørkledde føter med lange klør. Dei er dagaktive rovfuglar som kan ta relativt store, levande byttedyr. Dei har svært godt syn på grunn av store pupillar som tek inn maksimalt med lys, og kan få auge på bytte frå store høgder.

Nokre ørner jaktar byttedyr på ope land, medan harpyørna held til i tropisk regnskog. Slangeørner jaktar og et reptilar. Hav- og fiskeørner held til ved kystar og innsjøar der dei fangar fisk og smådyr eller lever på åtsel.

Ørn blir brukt som jaktfugl, og blant desse er kongeørna rekna som den høgaste. Ho kan slå ned på så store dyr som rev. I Boke of St Albans frå 1400-talet er ørna rekna som ein jaktfugl for keisarar.

Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

I dag er fleire ørner truga artar. Dei reproduserer seg sakte, og populasjonane slit derfor med å ta seg opp igjen etter utbreidd jakt på dei. I tillegg er ørnene langt oppe på næringskjeda, og samlar opp store mengder miljøgifter.

Ørn i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ørner i taket på Gothems kyrka på Gotland.

Ørner dukkar ofte opp i litteratur og mytar, og er blitt brukte som symbol for herskarar, hærar, rike og mindre område. Ordet «ørn» stammar frå norrønt ǫrn, genitiv arnar. Ein finn att forstavinga Arn i sogeætta Arnungane og i mange førenamn.

Zevs og ørn. Frå ca. 560 f.Kr.

Ørn i religion[endre | endre wikiteksten]

Ptolemearherskarane av Egypt brukte fuglen i seglet sitt. Ørna var fuglen til Zevs og Jupiter i gresk og romersk gudelære. Stjernebildet Ørna og hovudstjerna i det, Altair, førestiller ørner. I kristen ikonografi blei fuglen brukt som symbol for evangelisten Johannes.[2]

Mochefolk i noverande Peru dyrka ørner og avbilda ofte fuglen i kunst. I Nord-Amerika har fuglen og fjører frå han hatt stor tyding. Mellom anna blei ørnefjører brukte til å laga vernande hovudpryd for krigarar frå præriestammar. Ørner og ørnefjører er no rettsleg verna i USA, men godkjende urfolk kan ha slike fjører til andeleg bruk.

Ein guddom i hinuduismen, Garuda, er dels ei ørn. Garuda er ein hjelpar for Visjnu og er dermed eit viktig hindusymbol.

Symbol på stat og makt[endre | endre wikiteksten]

Keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket avbilda med ei ørn.

Romarane brukte ørna som symbol for hæren og riket sitt. Seinare hadde Austromarriket ei ørn med to hovud, medan Det heilage romerske riket også tok i bruk eit ørnesymbol. Seinare land som ønskte å markera arv frå desse rika, har òg brukt ørner som symbol. Ørna er eller har vore nasjonalt eller kongeleg symbol for Preussen, Austerrike, Polen, Tsar-Russland og Sverige. Til dette siste landet kom symbolet gjennom Bernadotteslekta etter at Napoleon hadde teke oppatt bruken av ørna som feltsymbol.

Ei rekkje land, som Austerrike, Moldova, Romania og Serbia, bruker ørna på riksvåpna sine. Albania og Moldova har ei ørn på flagga sine. Albania heiter på albansk Shqipëria, som tyder 'Ørnelandet', og har dobbeltørna som nasjonalsymbol.

Medan europeisk bruk av ørner som hovudregel viser til kongeørna, har andre land teke i bruk andre mektige ørneartar som symbol. Filippinane sin nasjonalfugl er den truga apeørna, medan USA bruker kvithovudhavørna som nasjonalt symbol. USA har avbilda denne ørna på myntar og statssymbol, medan «Eagle» er brukt som namn på marineskip, romskip og på landet sjølv.[2] Elles har «ørn» òg vore brukt som namn på fleire krigsskip, som Tordenskjold-skipet «Hvite Ørn» og korvetten «Ørnen» (1829-1874), den første norske korvetten etter 1814.

Heraldiske utformingar av ørner.

Heraldikk[endre | endre wikiteksten]

Ørna som heraldisk symbol finst i nokre vanlege utformingar: Ei flakt ørn, det vil seia ei stilisert ørn med hovudet vend mot eine sida, vengene ut og velet rett nedover, og dobbeltørna med eit hovud vend mot kvar side. Saladin-ørna er ein variant av flakt ørn som er utbreidd i arabiske land.


Idrett[endre | endre wikiteksten]

«Ørn» er brukt som namn på fleire idrettslag, til dømes Ørn-Horten (tidlegare Ørn fotballklubb) frå Horten og Trondheims-Ørn frå Trondheim.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Ein finn att forstavinga Arn i sogeætta Arnungane, som etter tradisjonen slekta frå ein gut funne i eit ørnereir.

Personnamn[endre | endre wikiteksten]

Førenamn som byrjar på 'Arn', som Arne, Arnhild og Arve, har vore brukt i Noreg sidan norrøn tid. I nyare tid har også namnet Ørn og forstavinga Ørn- vore noko brukt.

Brukarar av namnet «Ørn» er mellom anna:

Ordenar[endre | endre wikiteksten]

Fleire nasjonale ordenar har namn etter ørner, som

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ørner» i Store Norske Leksikon, vitja 29. juni 2011.
  2. 2,0 2,1 2,2 Elizabeth Knowles (red.), «eagle» i A Dictionary of Phrase and Fable. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online, vitja 29. juni 2011.