Ørn-Horten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fotballklubben Ørn-Horten er eit idrettslag i Horten, stifta 4. mai 1904 som Ørn Fotballklubb. Klubben vart norsk meister i fotball fire gongar i tida 1920-30. Ørn spelar heimekampane på Lystlunden, eit stadion som ligg i eit parkområde sentralt i Horten.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ørn var ein av dei fremste fotballklubbane i Noreg frå den nasjonale fotballens barndom i åra før 1910, og i tida fram mot 1935. Både i 1908, 1913 og 1915 nådde laget semifinalane i fotball-NM, før det i 1916 spelte NM-finale mot Frigg og tapte 0-2. Fire år seinare møttest dei same to klubbane til ein kamp om Kongepokalen, eit oppgjer som enda med 1-0-siger for Ørn. Etter tapte semifinalar i 1922 og 1925, nådde Ørn cupfinalen heile fem år på rad; 1926-1930. I 1926 vart det tap 0-3 mot Odd, året etter siger 4-0 over Drafn. Ørn vart så norsk meister i 1928 med 2-1 over [[Lyn]9 og i 1930 med 4-2 over Drammens Ballklubb. Sesongen i mellom, 1929, vart Sarpsborg FK for sterke med 2 mpl, mot 1. I 1932 deltok Ørn i sin åttande NM-finale og fekk grisebank av Fredrikstad FK, det stod 1-6 då fløyta lydde. Ørn spelte kvartfinale i NM-cupen for siste gong i 1950.

Ørn spelte i Hovudserien frå starten i 1948 til 1952. Klubben deltok i den såkalla maratonserien 1961/62, der den vart nummer 14 av 16 lag. Dermed vart spel i 2. divisjon frå 1963. Sidan har klubben veksla på å spele på andre og tredje nivå i norsk seriefotball. I 2015 har Ørn-Horten spelte på nivå tre.

Klubbprofilar[endre | endre wikiteksten]

Michael Paulsen, Harald Strøm, Gudmund Fredriksen, Reidar Høilund, Emil Hansen, Egil Jacobsen, Ingar Pedersen, Gunnar Dahl, Oscar Thorstensen, Per Bjørnø, Per Bredesen og Bjørn Odmar Andersen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fotballboken. 1967