Ørnekrossordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørnekrossordenen

Ørnekrossordenen (estisk: Kotkaristi teenetemärk) er ein estisk orden. Han vart innstifta 24. februar 1928 av Den nasjonale forsvarsligaen, heimevernsavdelinga i Det estiske forsvaret, i høve tiårsjubileet for sjølvstendet til landet. I 1936 vart han gjord til ein ordinær statsorden. Ørnekrossordenen vert tildelt for militær innsats og fortenester for Det estiske forsvaret. Ordenen er rangert som nummer fem av ordenane i Estland, etter Kvitstjerneordenen, men før Den estiske raudekrossordenen. Ordenen vart ikkje tildelt i dei åra då Estland var innlemma i Sovjetunionen. Han vart gjenoppteken i 1995, etter at Estland på nytt hadde vorte sjølvstendig. Ordenen vart sist revidert ved lov i 2007. Presidenten er stormeister for Ørnekrossordenen.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ørnekrossordenen er inndelt i fem klassar, 1.-5. klasse. I tillegg høyrer det også ein medalje i tre valørar til Ørnekrossordenen: gull, sølv og jern.

Insignium[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet for Ørnekrossordenen er ein svartemaljert maltesarkross, som i midten har ei sølvfarga ørn med eit sverd i den eine kloa og det estiske riksvåpenet i den andre. Baksida har innskriftene «24. II 1928» og «PRO PATRIA». Ordensteikna for dei ulike klassane er identiske, men har ulikt utforma band. Når ordenen vert tildelt for militære fortenester, vert ordensteikna utstyrde med krosslagde sverd. Ordensstjerna er i sølv og har åtte taggar. Ordensbandet er oransje med smale blå striper.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Tildeling av ordenen skjer ved presidenten. I perioden 1995 til 2008 har Ørnekrossordenen vorte tildelt 713 personar, ikkje medrekna medaljane. Av dette var 16 tildelingar i den 1. klassen av ordenen. Overrekkingar av ordenen skjer vanlegvis på den estiske sjølvstendedagen, 24. februar, men kan i særskilde tilfelle også finne stad på andre datoar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • (en): «Estonia» i Guy Stair Sainty og Rafal Heydel-Mankoo: World Orders of Knighthood and Merit, andre bind, Buckingham: Burke's Peerage, 2006, s. 1106–1108.