Ørnulf Tofte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørnulf Tofte
Fødd 12. februar 1922
Oslo
Død

26. august 2020 (98 år)

Yrke politibetjent

Ørnulf Tofte (12. februar 192226. august 2020) var ein norsk politiembetsmann og kontraetterretningssjef i Politiets tryggingsteneste, fødd i Oslo. Tofte byrja i det norske politiet i 1940 og var med på å bygge opp Politiets overvakingsteneste (POT), der han var frå 1948 til 1987. Under den kalde krigen vart han etterkvart politiinspektør og sjef for kontraetterretningstenesta. Det var først og fremst arbeidet med å avdekkje dei sovjetiske etterretningsorganisasjonane KGB og GRU sine ulovlege verksemder på norsk jord, og å verna norske statsinstitusjonar, nøkkelpersonar og nasjonale interesser mot eksterne truslar, som var Toftes hovudarbeidsområde.[1]

Tofte spelte ei viktig rolle i etterforskinga av alle de tre store spionsakene i Noreg under den kalde krigen, dvs. i etterforskninga av Asbjørn Sunde, Gunvor Galtung Haavik og Arne Treholt. Av desse vart Asbjørn Sunde og Arne Treholt dømde, medan Haavik døydde i fengselet før saka kom opp i retten, og det var Tofte som pågreip alle tre. Han er omtalt som «Noregs fremste spionjeger» under den kalde krigen.[1][2] Tofte har fortalt om erfaringane sine som spionjeger under den kalde krigen i boka Spaneren (1987). Han fekk i 1987 Kongens fortenestemedalje i gull.

Overvakingspolitiet under leiing av Asbjørn Bryhn hadde frå 1960-åra jakta på ein ukjend russisk spion, som endeleg vart avslørt som Gunvor Galtung Haavik og arrestert i 1977. Før arrestasjonen av Haavik hadde politiet i september 1965 arrestert Vilhelm Evang sin sekretær Ingeborg Lygren; Bryn ynskte tiltale mot Lygren, men statsadvokat Lauritz Dorenfeldt innstilte på henlegging mot bevisets stilling. Lygren vart lauslaten i desember samme år. Arrestasjonen av Lygren vekte oppsikt og avslutta karrierane til både Asbjørn Bryhn og Vilhelm Evang. Tofte, som deltok i saken som etterforskar, kalla seinar saken «en ulykke». Ifølgje Tofte førte saken til at politiet ikkje sette i gang noka «offensiv etterforskning» for å avsløre «sjefen for et departement», ein annan mistenkt og uidentifisert spion. Overvakingspolitiet erkjente at arrestasjonen av Lygren var ein stor tabbe.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ørnulf Tofte, Norsk biografisk leksikon
  2. Norges største spionjeger, NRK
  3. Jacobsen, Alf R. (1995). Mistenksomhetens pris. Aschehoug. s. 117, 166, 238. ISBN 8203261132.