Ørsta folkebibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivert Aarflot oppretta biblioteket i Ørsta

Ørsta folkebibliotek er det offentlege biblioteket i ØrstaSunnmøre. Det har vorte kalla «det første effektive folkebibliotek i landet».[1]

26. november 1797 kunngjorde Sivert Aarflot Plan til et frit Laane-Bibliotehek i Ørstens Sogn. Han gav 84 av sine eigne bøker til biblioteket. Då han opplevde at folk ville låne bøker søkte han kongen om godkjenning, noko han fekk i 1800. Han heldt fram med biblioteket etter at han i 1798 vart lensmann i Volda og flytte til Ekset. Ein av dei som gjorde seg nytte av bøkene der, var Ivar Aasen frå grannegarden Åsen i Ørsta. Sivert Aarflot døydde i 1817. Det ser ut til at utlånet minka etter det, men biblioteket var i drift i 1844 då Ekset vart råka av brann, og storparten av dei om lag 1000 bøkene som då var i biblioteket gjekk tapt.

I 1838 vedtok formannskapet i Volda (med Ørsta) at biblioteket skulle få økonomisk stønad. Frå 1836 og nokre år frametter løyvde og Stortinget pengar til biblioteksdrift. Biblioteket heldt fram etter brannen på Ekset. Alt i 1845 vart det kjøpt inn nye bøker.

Ein ny plan for Ørstens sogns almuebogsamling vart vedteken av formannskap og heradsstyre i 1852. Frå 1853 er det ført kontinuerleg utlånsprotokoll. Boksamlinga vart plassert i kyrkja. Det var utlån på preikesundagar. Økonomien var oftast skral. Det betra seg noko frå 1876 då det kom lov om statlege midlar til bibliotekdrift. Ørsta fekk 28 kroner første året.

I tidsrommet 1867-76 finn ein innskieve 447 lånarar i boksamlinga i Ørsta. Det er over ein femdel av innbyggjarane. Etter at Ørsta i 1883 vart eigen kommune vart namnet endra til Ørstens Almuebogsamling. I byrjinga var det heller mykje religiøs litteratur å finne. Dette endra seg etter kvart og i 1900 var to tredelar verdslege bøker. I 1905 vart boksamlinga flytt frå kyrkja.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I desember 1940 vart dei tre biblioteka i Ørsta: Ørsta folkeboksamling, Follestadalen folkeboksamling og Strendene folkeboksamling slegne saman til Ørsta folkeboksamling. Dette etter påbod frå Kultur- og folkeopplysningsdepartementet som ein del av sentraliseringa, effektiviseringa og kontrollen til nazistyresmaktene. Dei to andre biblioteka var skipa kring 1900. No vart det oppretta fire, sidan fem, utlånsstader i kommunen dit bokkasser vart rundtsende.

Hausten 1940 starta styresmaktene kampanje mot såkalla "tyskfiendleg" litteratur. Sommaren 1941 vart forordninga «Vern av norsk bokheim» utarbeidd av Kultur- og folkeopplysningsdepartementet. 350 bøker skulle fjernast. I Ørsta folkeboksamling sin protokoll finn ein at nokre bøker er kvervsette. Det er bøker av Stefan Zweig, B. Traven og Upton Sinclair. Det ser ut til at bibliotekaren, Arne P. Moe, av eige initiativ tok ut bøkene av Knut Hamsun.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

I 1964 vart Ørsta kommune samanslegen med Vartdal og Hjørundfjord. Boksamlingane i dei tre tidlegare kommunane vart samla i Ørsta folkeboksamling. Boksamlinga fekk, i tillegg til hovudbiblioteket i Ørsta, fem filialar og tolv utlånsstasjonar. I 1972 vart namnet endra til Ørsta folkebibliotek.

I august 1978 vart hovudbiblioteket flytt til det nybygde Ørsta samfunnshus. Seinaste åra har bibliotekstilbodet i ute i bygdene i kommunen vorte dårlegare. I 2009 vart det att berre to filialar, kvar med to timar opningstid i veka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eli Lannerholm:Ørsta folkebibliotek 1797-1997. Ørsta, 1997

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Kildal: Norske folkeboksamlinger

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til Ørsta folkebibliotek