Ørsted A/S

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørsted A/S
Orsted RGB Blue.png
DONG-Energy-HQ-Skaerbaek.JPG
Selskapsformaktieselskab Sjå dette på Wikidata
Skipa2006
DotterselskapDONG Energy (Norway), Barrow Offshore Wind Farm Sjå dette på Wikidata
EigarFinansministeriet, SEAS-NVE, Goldman Sachs, Capital Group Companies Sjå dette på Wikidata
Bransjeenergibransje
HovudkontorFredericia Sjå dette på Wikidata
Tilsette5 894 Sjå dette på Wikidata
Resultat13 213 000 000 dansk krone Sjå dette på Wikidata

Ørsted A/S er eit dansk energiselskap med verksemd i Danmark, Noreg, Sverige, Tyskland, Nederland og Storbritannia.

Den danske staten skipa i 1972 Dansk Naturgas A/S, som året etter skifta namn til Dansk Olie og Naturgas A/S (DONG). Etter kvart nytta ein forkortinga DONG som namn på selskapet. Selskapet var tidleg på 1980-talet engasjert i transportsystem for petroleum og naturgass i Danmark. I ettertid er aktiviteten utvikla til å omfatta leveransar av elektrisk energi. I tillegg er selskapet involvert i forsking, leiting etter og utvinning av råolje og naturgass.

I Noreg er selskapet representert med dotterselskapet DONG Norge AS. Selskapet har kontor i Stavanger der selskapet si verksemd på norsk kontinentalsokkel vert ivareteke. Selskapet er den tiande største eigaren av rettar til norsk kontinentalsokkel, med reserver hovudsakleg i naturgassfeltet Ormen Lange-feltet. Andre felt der selskapet har eigardelar er Gydafeltet, Glitnefeltet, Tambarfeltet og Ulafeltet. I 2002 kjøpte DONG Statoil sine eigardelar på dansk kontinentalsokkel. DONG vart då operatør for Sirifeltet.

DONG Energy vart danna våren 2006 som resultatet av ei samanslåing av seks danske energiselskap. Desse var DONG, Elsam, ENERGI E2, Nesa, Københavns Energi sin elaktivitetar og Frederiksberg Forsyning. 6. november 2017 endra selskapet namn til Ørsted, oppkalla etter Hans Christian Ørsted.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om vores navneskifte». orsted.com. Henta 9. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]