Øst-Finnmark reinbeiteområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øst-Finnmark reinbeiteområde er ein del av reindriftsforvaltinga i Noreg. Reinbeiteområdet har eit totalt areal på 30 700 km² i området frå Karasjok i vest til grensa mot Russland i aust. Reinbeiteområdet er inndelt i 15 reinbeitedistrikt. Reinbeiteområde er leia av eit områdestyre med medlemmer oppnemnde av Fylkestinget og Sametinget.

I Varanger/Polmak har kvart av desse distrikta både vinter- og sommarbeite. Vinterbeitinga skjer hovudsakleg i innlandet og sommerbeitinga ved kysten eller på øyene. Distrikta i Karasjok flyttar reinen mellom sommarbeite langs kysten til felles vinterbeite i innlandet. Reinbeitedistrikta har sitt eige sommarbeite, medan haust-, vinter- og vårbeiting skjer på fellesbeita i Karasjok.

Øst-Finnmark reinbeiteområde grensar til Vest-Finnmark reinbeiteområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reindriftsforvaltningen i Noreg - om reinbeiteområda