Østensjøbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Østensjøbanen ved Skullerud, fotografert i 2012.
Østensjøbanen ved Bryn i 1928.
Trikk (to «gullfiskar» kopla i tog) på Helsfyr haldeplass i dei tidane då Lilleaker-Østensjøbanen gjekk gjennom Oslo sentrum.

Østensjøbanen er ei av linjene i T-banenettet i Oslo. Banen har som endestasjon Mortensrud stasjon i bydel Søndre Nordstrand heilt sør i Oslo kommune.

Opphavleg var Østensjøbanen ein forstadsbane mellom Etterstad og Bryn, knytt til bytrikkens nett på Etterstad i det som er dagens bydel Gamle Oslo. Denne banen vart opna i 1923, bygd av det kommunale aksjeselskapet A/S Akersbanerne som Aker kommune (den dåverande grannekommunen til Kristiania (Oslo) før dei to kommunane vart slegne saman) hadde skipa i 1917 for å betre sambandet mellom Kristiania og Aker.

Til å byrje med vart banen trafikkert av trikkar frå Kristiania Sporveisselskab i ei rute frå Homansbyen (i nærleiken av Det kongelege slottet i Oslo), over Stortovet og Etterstad til Bryn. Men etter at banen hadde vorte lengd frå Bryn til Oppsal i 1926, vart banen drive av A/S Akersbanerne som rein forstadsbane utan samband med bytrikken, og ferdafolket måtte stige om mellom bane og bytrikk på Etterstad, som ligg etter måten langt frå sentrum av Oslo.

A/S Bærumsbanen tok i 1937 over drifta av Østensjøbanen. Selskapet kopla Østensjøbanen til Lilleakerbanen og Bærumsbanen ved å etablere eit samband tvers gjennom byen, via Etterstad, over trafikkknutepunktet Jernbanetorget framfor Oslo Ø, og derfrå over Skøyen ut til Jar i Bærum kommune, tidvis heilt fram til Kolsås i Bærum. Dette ruteopplegget fekk namnet Lilleaker-Østensjøbanen.

I 1958 vart Østensjøbanen lengd frå Oppsal til Bøler, eit område som vart utbygd i stort tempo som drabantby frå 1950-åra og frametter.

Østensjøbanen vart ombygd til T-banestandard og opna som T-bane i 1967. Banen gjekk då mellom Jernbanetorget T-banestasjon (som på dette tidspunktet var endestasjonen i Oslo sentrum for dei austlege T-banane) og Bøler, men vart lengd frå Bøler til Skullerud same året. Strekninga mellom Skullerud og Mortensrud vart opna i 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]