Østerdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Østerdalen, av og til Østerdalene, er eit dalføre og distrikt som ligg i Hedmark fylke. Østerdalen omfattar elvedalen utskoren av Glåma frå nordgrensa til Hedmark fylke og sørover til Elverum. Sør for Elverum kallast dalføret Glåmdalen.

Dei største sidedalane er Rendalen, Folldal og Atndalen. Østerdalen er dei fleste stader temmeleg brei, og blir rekna som Sør-Noregs største dalføre.

Dalen var tidlegare delt i to futedøme som framleis er brukt som regionsnemningar, Sør-Østerdal og Nord-Østerdal. I dag femner Østerdalen kommunane Rendalen, Engerdal, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga, Os, Elverum, Trysil, Åmot og Stor-Elvdal.

Distriktet Østerdalen omfattar òg sidedalane og Kvikne, Engerdal og Trysil, som ikkje har avløp til Glåma. Østerdalen er prega av rolege landskapsformer og avrunda fjell. Dalføret er for det meste dekt av furuskog. Typisk for Østerdalen er at store delar av skogbotnen er dekt av reinlav, særleg arten kvitkrull.

Østerdalen har eit samla areal på 19 389 kvadratkilometer med 50 122 innbyggarar (1. juli 2009), fordelt på elleve kommunar (sjå under).

Regionale inndeling[endre | endre wikiteksten]

Østerdalen vert ofte delt inn i Sør-Østerdal, med Elverum som sentrum, og Nord-Østerdal, med Tynset som sentrum.

Geistleg inndeling[endre | endre wikiteksten]

Begge desse prostia ligg under Hamar bispedømme.

Judisiell inndeling[endre | endre wikiteksten]

Begge desse tingrettane ligg under Eidsivating lagdømme.

Interkommunal inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare sivil inndeling[endre | endre wikiteksten]

Begge desse fogderi låg under Hedemarkens amt.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Østerdalen er ei hovudferdselsåre mellom Oslo og Trondheim med både veg (Riksveg 3) og jernbane (Rørosbanen).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]