Østfold Mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Østfold Mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Østfold.

I 2012 hadde laget 90 medlemmer, og i 2017 hadde dette auka til 150. Leiar for laget er Magne Aasbrenn og nestleiar er Ragnhild Lier.

Østfold Mållag organiserer dei som er interesserte i å heve statusen for dialekten i Østfold og arbeider også for å auke interessa for nynorsk skriftmål i Østfold, og ikkje minst fjerne fordommane mot nynorsk.

Østfold Mållag gir ut årboka Aust i Vika kvart år. Boka inneheld stoff om kultur og språk i Østfold. Østfold Mållag har også ei eiga side på Facebook.

Medlemslag:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]