Østre Aker-Groruddalen prosti

Koordinatar: 59°57′28″N 10°53′4″E / 59.95778°N 10.88444°E / 59.95778; 10.88444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Østre Aker prosti)
Grorud kyrkje

Østre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Groruddalen, det vil seie bydelane Alna, Bjerke, Grorud og Stovner nordaust i Oslo. Prosten har sete på Grorud.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prostiet vart oppretta som Østre Aker prosti i 1972 og bestod ved skipinga av prestegjelda Nordstrand, Bekkelaget, Manglerud, Lambertseter, Oppsal, Østre Aker, Bøler, Tveten (seinare kalla Haugerud), Høybråten, Stovner og Fossum.[1] Frå 1984 bestod prostiet av prestegjelda Østre Aker, Bredtvedt, Grorud, Rødtvet, Stovner, Fossum, Høybråten, Furuset, Haugerud og Oppsal.[1] Då hadde Nordstrand, Bekkelaget, Manglerud, Lambertseter og Bøler vortne overførte til det nyoppretta Søndre Aker prosti.

Omorganisering i 2013[endre | endre wikiteksten]

I 2013 vart prostiet omorganisert for å betre utnytte resursane og dekkje behova. Fleire sokn var slegne saman; Bredtvet, Grorud, Romsås og Rødtvet vart slege saman til eitt sokn som fekk namnet Grorud sokn. Det vart òg vedteke å selje eller leige ut Bredtvet kyrkje. Østre Aker sokn og Haugerud sokn vart slegne saman til eitt sokn med namnet Østre Aker og Haugerud sokn. Ellingsrud sokn og Furuset sokn vart slegne saman til Ellingsrud og Furuset sokn og Høybråten sokn, Fossum sokn og Stovner sokn vart slegne saman til Høybråten, Fossum og Stovner sokn. Prostesetet vart flytt frå Østre Aker til Grorud. Det einaste av sokna som ikkje vart endra var Tonsen sokn.[2]

Sokn i Østre Aker-Groruddalen prosti[endre | endre wikiteksten]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Ellingsrud og Furuset sokn Ellingsrud kyrkje
Furuset kyrkje
Oslo
Grorud sokn Bredtvet kyrkje (leigd ut)
Grorud kyrkje
Romsås kyrkje
Rødtvet kyrkje
Oslo
Høybråten, Fossum og Stovner sokn Fossum kyrkje
Høybråten kyrkje
Stovner kyrkje
Oslo
Tonsen sokn Tonsen kyrkje Oslo
Østre Aker og Haugerud sokn Haugerud kyrkje
Østre Aker kyrkje
Oslo

Prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Østre Aker prosti desse prestegjelda:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Østre Aker prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Oslo. Henta 11. mars 2014. 
  2. «Færre menigheter i Groruddalen: - Endringene vil styrke kirken» på nettstaden til Kirkelig fellesråd i Oslo, 13. januar 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°57′28″N 10°53′4″E / 59.95778°N 10.88444°E / 59.95778; 10.88444