Østre Grimevann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Østre Grimevann
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder
Kommune Lillesand
Høgd over havet 46 moh
Areal 3,94 km²
Kystlengd1 30,28 km
Koordinatar 58°18′3″N 8°22′57″EKoordinatar: 58°18′3″N 8°22′57″E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Østre Grimevann er eit vatn som ligg i Lillesand kommune i Aust-Agder fylke. Det renn ut gjennom ein bekk som vert kalla osen til Stigselva, eller Kaldvellvassdraget. Nedover dette vassdraget finst det fire stemmer og restar av gamle tømmerrenner. Ein fløyta tidlegare tømmer ned vassdraget og nytta seg av vasskrafta til å drive ein pappfabrikk. Stemmene har teke vare på, medan resten av anlegget ligg i ruinar.

Østre Grimevann er òg knytt til det noko mindre Vestre Grimevann, der ein kan fiske. På grunn av sur nedbør har heile dette vassdraget vore miljøskadd, og ein har kalka og sørgd for at fisken igjen skal trivast.

Grimevatna har namna sine etter den vesle elva Grima, som renn ut i Vestre Grimevann. Der ligg òg garde Grimenes, òg kalla opp etter elva. Garden er gammal; i universitetet si oldsaksamling (no Kulturhistorisk museum) i Oslo ligg det eit sverd av Petersen type M, som ein har funne på garden. Denne sverdtypen er frå 800/900-talet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Aust-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.