Øverbygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øverbygd
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Målselv
Areal 0,7 km²
Folketal 303 (2017)
Folketettleik 433 / km²
Preposisjon i Øverbygd

Øverbygd er ein tettstad i Målselv kommune med 303 innbyggjarar per 1. januar 2017. Staden var tidlegare sentrum for ein eigen kommune.

Kommuneadminstrasjonen ligg på Moen. Bygda ligg øvst i Målselvdalen der Målselvdalen møter Rostadalen og Dividalen. Forsvaret er den viktigaste arbeidsplassen i bygda med Skjold leir (tidlegare Maukstadmoen og Holmen Leir) som ligg sentralt i bygda og har om lag 800 soldatar. I 2005 vart Filmcamp etablert i den gamle militærleiren på Holmen. Øverbygd har ein pub som heiter Kaffebrenneriet.

Øverbygd kommune 1925-1964[endre | endre wikiteksten]

Øverbygd var tidlegare ein eigen kommune. Opphavleg var Øverbygd ein del av Målselv formannskapsdistrikt, men vart skild ut som eigen kommune med 566 innbyggjarar 1. juli 1925.

Øverbygd kommune var den minste kommunen i Troms etter folketal frå han vart oppretta og fram til 1962, då han passerte Astafjord i folketal.

1. januar 1964 vart Øverbygd og Målselv kommunar med tillegg av garden Skogli ved Heia i Balsfjord, og Naveren og Målsnes i Malangen slegne saman til den nye Målselv kommune. Øverbygd hadde ved samanslåinga 1 232 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Øverbygd kommune frå 1925 til 1964:

1.7.1925[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
566 649 744 754 1176 1232

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Øverbygd 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå